Friuli-Venezia Giulia
![]() | |
![]() | |
Kart som viser plasseringa til Friuli-Venezia Giulia i Italia | |
Hovudstad | Trieste |
---|---|
President | Riccardo Illy |
Provinsar | 4 |
Kommunar | 219 |
Areal | 7 856 km² |
- Rangering | 17. (2,6 %) |
Folketal (2006 est.) | |
- Totalt | 1 208 278 |
- Rangering | 15. (2,0 %) |
- Tettleik | 154/km² |
Heimeside | www.regione.fvg.it |
Friuli-Venezia Giulia (friulisk: Friûl-Vignesie Julie, tysk Friaul-Julisch Venetien, slovensk Furlanija - Julijska krajina, venetiansk Friul-Venezsia Jułia) er ein av fem autonome regionar i Italia. Han vart tidlegare kalla Venezia Euganea. Hovudstaden er Trieste (slovensk Trst, tysk Triest) og han har eit areal på 7 856 km² og om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Med ei naturleg opning til sjøen for mange sentraleuropeiske land går det fleire hovudfartsårer i regionen mellom aust og vest i Sør-Europa.
Geografi Endra
Regionen ligg nordaust i Italia og grensar til Veneto i vest, Austerrike i nord, Slovenia i aust og Adriahavet i sør. Kystlengda til regionen er 111,7 km.
Friuli-Venezia Giulia er delt inn i fire provinsar:
Historie Endra
Namnet på republikken kjem frå det latinske namnet på byen Cividale, den gamle hovudstaden i det lombardiske hertugdømet kalla «Forum Iulii» («Julius sitt forum», kalla opp etter Julius Cæsar). Regionen vart oppretta etter den andre verdskrigen for å løyse problemet med Trieste, som hadde mista sine naturlege bakland som var ein stor del av Venezia Giulia før det vart ein del av Jugoslavia. Derfor vart det avgjort at den historiske regionen Friuli skulle verte ein del av regionen til Trieste.
Økonomi Endra
Det vert dyrka korn, druer, sukkerroe og soppost, og kvegdrift er òg viktig. Av industri finn ein skipsverft i Trieste og Monfalcone, stålverk i Pozzuolo del Friuli, vingardarar som produserer vin og grappa og møbelproduksjon i Manzano og Brugnera.
Demografi Endra
Bortsett frå italiensk vert det tala friulisk i regionen, og det finst òg ein større slovensk og tysk minoritet. slovensk vert tala i provinsen Trieste og dei austlege områda av provinsane Gorizia og Udine, i området kalla Venetiansk Slovenia, som består av Resiadalen og dei øvre dalane til elvane Torre og Natisone, der mange av landsbyane har både italienske og slovenske namn.
Byar i Friuli-Venezia Giulia med meir enn 50 000 innbyggjarar (2006 estimat):
Kommune | Innbyggjarar |
---|---|
Trieste | 206 058 |
Udine | 96 678 |
Pordenone | 50 926 |
Bakgrunnsstoff Endra
- fvg.info Arkivert 2007-12-12 ved Wayback Machine.
- Kart over Friuli-Venezia Giulia Arkivert 2005-11-13 ved Wayback Machine.
- Turistguide
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Friuli-Venezia Giulia frå Engelsk Wikipedia .
|