Taieri er den fjerde lengste elvaNew Zealand, og ligg i regionen OtagoSørøya. Ho har utspringet sitt i Lammerlaw Range, renn først mot nord, deretter i austleg retning kring høgdedraga Rock and Pillar range, og vender til sist mot søraust før ho når havet 30 km sør for Dunedin.

Taierielva
Taieri River
elv
Taieri River ved Claggans i Otago
Land New Zealand New Zealand
Lengd 200 km
Kjelde Lammerlaw Ranges
Munning Stillehavet
Kart
Taieri River
46°03′15″S 170°11′59″E / 46.054224°S 170.199673°E / -46.054224; 170.199673
Taieri River med sidegreiner.
Taieri River med sidegreiner.
Taieri River med sidegreiner.
Wikimedia Commons: Taieri River

Dei øvre delane snor seg i ei rekkje buktingar gjennom elvesletta nær Paerau før elva forsyner to mindre kraftverk i nærleiken av Patearoa i Maniototo. Taieri svingar deretter nesten 180 grader, og renn inn i ein breid breforma dal, Strath-Taieri, som er omgjeven av opprevne åsrekkjer. Like nedanfor denne har elva grave ut ei slukt med bratte sider — Taieri Gorge. Her går òg jarnvegslinja Taieri Gorge Railway, som går vidare innover I Central Otago denne vegen. I dei nedre delane av Taieri ligg ei brei elveslette (Taieri Plains) som består av mykje av det mest grøderike jordbrukslandet i Otago. Elva renn deretter gjennom den nedre Taieri Gorge til Stillehavet ved Taieri Mouth. Øya Taieri Island ligg I Stillehavet nokre hundre meter utanfor elvemunningen.

Taieri er 200 km lang, og dei nedste 20 km er seglbare. Av byar og busetnadar langs elva er Middlemarch, Outram, Mosgiel, Henley og Taieri Mouth. Den største tilførsleelva er Waiporielva, som renn saman med Taieri nær Henley på Taieri Plains.

Ein trur at namnet «Taieri» kjem frå maori-ordet taiari som tyder 'springflod'.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

46°03′S 170°11′E / 46.050°S 170.183°E / -46.050; 170.183