Taifaen Granada (arabisk طائفة غرناطة , Ta'ifa Garnata) var eit maurisk kongedøme (taifa) i Al-Andalus, innan dagens provins Granada i det sørlege Spania. Kongedømet oppstod i 1013 og varte til 1091

Taifaen Granada

1013–1145  

Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Taifa-kongedømet Granada, ca. 1037.
Hovudstad Granada
Språk Arabisk, berbiske språk, mozarabisk, hebraisk
Religion Islam, katolsk, jødedom
Styreform Monarki
Historie
 - Undergangen til Córdoba-kalifatet 1013
 - Opphøyrde 1145
Valuta Dirham og dinar

Vestgotarar

endre

«Garnata» eller «Garnata al-Yahud» var ein busetnad ved sida av byen som dei kristne kalla «Elvira», etter det tidlegare iberiske namn «Ilbira».

Maurarar

endre

Den nærliggande iberiske byen Elvira var hovudstad i provinsen Al-Andalus i Córdoba-kalifatet. Sivile konfliktar som herja kalifatet på det tidlege 1000-talet leidde til øydelegginga av byen i 1010. Zawi ben Ziri, Zirid, var leiar av ein av hærane som tok delar av kalifatet i ein borgarkrig som øydela Medina Azahara i Córdoba, og seinare øydela Medina Elvira. Under leiinga hans forlét borgarane av Elvira provinshovudstaden og etablerte seg i den jødiske busetjinga Gharnata al-Yahud, og grunnla dermed byen Granada. Han grunnla det fyrste taifa-kongedømet Granada, og flytta hovudstaden frå Elvira til Garnata al-Yahud.

Zirid var ein familie frå Nord-Afrika med medlemmer som blei herskarar og kongar i mange andre islamske regionar, som i Ifriqiya.

Taifaen Granada enda etter å ha blitt erobra av Almoravidane i 1091, som tok over territoriet og sameina det med dei andre i dynastiet.

Liste over emirar

endre

Zirid-dynastiet

endre
  • Zawi: 1013-1019/20
  • Habbus al-Muzaffar: 1019/20-1038
  • Badis bein Habus: 1038-1073
  • Abdallah ibn Buluggin: 1073-1090
    • Til Almoravidene: 1090-1145

Adhaid-dynastiet

endre
  • Ibn Adha: 1145

Huddid-dynastiet

endre
  • Abu Dja'far Ahmad «Zafadola» (òg Cord., Jaen): 1145
    • Til Almohadane: 1145-1237