Taipa-Mangonui er namnet på ei rekkje mindre busetnader i Far North DistrictNorth Auckland PeninsulaNordøyaNew Zealand, nær basis av halvøya Aupouri Peninsula. Busetnadane Taipa, Cable Bay, Cooper's Beach og Mangonui, som alle ligg langs kysten til Doubtless Bay, ligg så nær kvarandre at dei administrativt har gått i hop og danna ein større busetnad som til saman hadde 1587 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001.

Denne «miniatyrsamanslutninga» ligg 150 kilometer langs vegen nordvest for Whangarei (men berre 70 kilometer i luftlinje), og 20 kilometer nordaust for Kaitaia. Dette er såleis det nordlegaste senteret på New Zealand med eit folketal over 1000.

Bakgrunnsstoff endre