Kaitaia er ein by i regionen Northland, heilt nord på NordøyaNew Zealand. Byen ligg heilt sør på Aupourihalvøya, om lag 160 km nordvest for Whangarei. Dette er den siste større busetnaden langs hovudvegen nordetter til nesa og havbuktene i den nordlegaste delen av Nordøya. Ahipara Bay, den sørlegaste delen av Ninety Mile Beach, ligg fem kilometer vest for byen.

Kaitaia
by
Land  New Zealand
Region Northland
Areal 8,48 km²
Folketal 5 870 (30. juni 2018)[1]
Kart
Kaitaia
35°06′45″S 173°15′46″E / 35.1125°S 173.26277777778°E / -35.1125; 173.26277777778
Wikimedia Commons: Kaitaia

Den første busetnaden

endre

Misjonsstasjonen The Kaitaia Mission Station vart grunnlagt i 1834 av misjonærane Joseph Matthews og William Puckey.

Næringsvegar

endre

Hovudnæringsvegane til byen er skogbruk og turisme. Etter folketeljinga frå 2006 er innbyggjartalet 5202.

Det var planar om å forlengja jarnvegen Okaihau Branch til Kaitaia, og arbeidet vart starta opp i1920-åra, men då linja var nesten bygd ferdig til Rangiahua, viste nye utrekningar i 1936 at sidelinja ikkje ville vera rekningssvarande, så utbygginga vart stansa. Linja enda derfor i Okaihau til ho vart nedlagt 1. november 1987.

Klima

endre

Kaitaia har subtropisk klima, og regionen region er kjend som «vinterlause norden».

Klimatabell: Kaitaia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,9°C
75°F
24,5 °C
76 °F
22,9 °C
73 °F
20,8 °C
69 °F
18,5 °C
65 °F
16,3 °C
61 °F
15,6 °C
60 °F
15,7 °C
60 °F
16,8 °C
62 °F
18,1 °C
65 °F
19,6 °C
67 °F
22,0 °C
72 °F
19,6°C
67°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 15,4°C
60°F
15,6 °C
60 °F
14,2 °C
58 °F
13,1 °C
56 °F
11,1 °C
52 °F
9,2 °C
49 °F
8,7 °C
48 °F
8,5 °C
47 °F
9,5 °C
49 °F
10,9 °C
52 °F
12,1 °C
54 °F
13,7 °C
57 °F
11,8°C
53°F
Gjennomsnittleg total nedbør 82 mm
2.95 "
79 mm
3,2 "
78 mm
3,1 "
95 mm
3,7 "
119 mm
4,7 "
149 mm
5,9 "
166 mm
6,5 "
152 mm
46,0 "
133 mm
5,2 "
93 mm
3,7 "
94 mm
33,7 "
97 mm
3,5 "
1334 mm
52,5 "
Gjennomsnittleg tal på regnvêrsdagar 8 7 8 11 12 14 17 16 14 10 10 9 134
Kjelde: Niwa Science climate data

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre


35°6′45″S 173°15′46″E / 35.11250°S 173.26278°E / -35.11250; 173.26278

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.