Take Me Back to Chicago

Take Me Back to Chicago
Samlealbum av Chicago
Utgjeve Januar 1985
Innspelt August 1973 - mai 1980
Sjanger Pop/rock, jazzfusion
Lengd 39:12
Selskap Columbia / CBS
Chicago-kronologi 
Chicago 17
(1984)
Take Me Back to Chicago Chicago 18
(1986)


Take Me Back to Chicago er eit samlealbum av Chicago gjeve ut i 1985 av Columbia/CBS Special Products og det første med denne tittelen. I 1990 kom eit anna samlealbum på CBS/Columbia med same tittelen, men med eit anna innhald. Utgåva frå 1985 kom på ei tid då bandet hadde hatt mange hitsinglar og album for Warner Brothers, og bestod av hitsinglar og albumspor som ikkje hadde vore på dei to samlealbuma på Columbia label, medan utgåva frå 1990 inneheldt mange spor som alt var å finne på tidlegare samlealbum.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1/5 stars[1]

Fordi Chicago i 1985 hadde gått over til eit nytt selskap, var ikkje Take Me Back to Chicago direkte autorisert av bandet og derfor ikkje rekna som ein del av den offisielle diskografien. 1990-utgåva av albumet inneheld nesten berre songar av bassisten og songaren Peter Cetera, i staden for ein miks av songar av alle låtskrivarane i bandet, slik 1985-utgåva var.

1985-versjonen kom ut på LP, kassett og CD, medan 1990-versjonen berre kom på CD. 1985-utgåva selde dårleg og vart heller ikkje godt motteken av kritikarane. Allmusic skreiv om albumet at det var «nok eit meiningslaust samlealbum til overpris av Columbia Records og dette inneheld ikkje ein gong store hittar.»

Tittelsporet endre

Take Me Back to Chicago
Singel av Musikkgruppa Chicago
frå albumet Chicago XI
B-side

«Policeman»

Utgjeve Mai 1978
Innspelt 1977
Sjanger Adult Contemporary
Lengd 2:57 (single version)
5:17 (album version)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) D. Seraphine; D. «Hawk» Wolinski
Produsent James William Guercio
Musikkgruppa Chicago-kronologi 
«Little One"
(1978)
Take Me Back to Chicago «Alive Again»
(1978)


Tittelsporet kom opphavleg ut på Chicago XI i 1978 og vart ein hit i USA og Canada. Singelen kom ut i mai det året og nådde 63. plassen på Billboard Hot 100 og 62. plassen på Cash Box Top 100.[2] I Canada nådde han 66. plassen.[3]Adult Contemporary-lista gjekk songen opp til 39. plassen i USA og 21. plassen i Canada.[4]

Innhald endre

1985-utgåva endre

Nr.TittelLengd
1.«Listen» 
2.«Free» 
3.«Thunder and Lightning» 
4.«Lowdown» 
5.«I'm a Man» 
6.«Prelude (Little One)» 
7.«Little One» 
8.«You Are On My Mind» 
9.«Take Me Back to Chicago» 
10.«Mongonucleosis» 
11.«Harry Truman» 

1990-utgåva endre

Alle songar er skrivne av Cetera, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Baby, What a Big Surprise» 3:05
2.«Happy Man» 3:15
3.«Take Me Back to Chicago»Danny Seraphine, David Wolinski5:17
4.«If You Leave Me Now» 3:54
5.«Old Days»James Pankow3:31
6.«Song for You» 3:41
7.«Thunder and Lightning»Cetera, Lamm, Seraphine3:32
8.«Wishing You Were Here» 4:34
9.«Mama Take» 4:05
10.«Run Away»Pankow4:18

Kjelder endre