Chicago XI
Chicago XI Studioalbum av Chicago | ||
Utgjeve | 12. september 1977 | |
Innspelt | April – juni 1977 på Caribou Ranch i Nederland i Colorado | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 44:33 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Chicago X (1976) |
Chicago XI | Hot Streets (1978) |
Singlar frå Chicago XI | ||
|
Chicago XI er det niande studioalbumet (det 11. i alt) av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1977. Som oppfølgjaren til Chicago X markerte albumet slutten på ein æra for Chicago på meir enn ein måte. Det var det siste Chicago-albumet med gitaristen og det opphavlege medlemmet Terry Kath før han skaut seg sjølv i ei ulukke berre fire månader seinare, og det var det siste Chicago-albumet som vart produsert av James William Guercio.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn
endreChicago XI vert sagt å verke meir som ei samling av solosongar enn eit arbeid av eit ensemble, slik Chicago hadde laga tidlegare i 1970-åra. Peter Cetera prøvde å gjenta suksessen med den store hitsingelen «If You Leave Me Now» med «Baby, What A Big Surprise», som vart den største hitten på albumet med ein fjerdeplass i USA. Dette var den einaste songen han skreiv for albumet, og ganske uvanleg, den einaste songen med han på solovokal. Terry Kath henta inn den gamle konsertfavoritten sin, «Mississippi Delta City Blues», for albumet, medan Danny Seraphine song vokal på «Little One». Seraphine var òg medlåtskrivar på «Take Me Back to Chicago», som nådde 63. plassen på singellista i USA. James Pankow song solovokal på sin eigen «Till The End Of Time», og det same gjorde Lee Loughnane på originalen hans, «This Time». Den ein gong så produktive Robert Lamm, bidrog berre med to songar, «Policeman» og «Vote For Me».
Under innspelinga av Chicago XI, nådde den kunstnariske kontrollen til den langvarige produsenten deira James William Guercio smertepunktet for bandet, som ønskte større kontroll sjølv og enda samarbeidet med han då albumet var over.
Den 23. januar 1978, nokre månader etter Chicago XI, skaut Terry Kath seg sjølv i ei ulukke under ein fest heime hos scenearbeidaren Don Johnson. Kath vart av mange rekna som «sjela» i Chicago. Kath, som var ein våpenentusiast, tok fram pistolen sin for å vise han til dei andre festdeltakarane. Dei andre bad han legge bort pistolen, men for å vise at pistolen ikkje var ladd, sette Kath pistolen mot hovudet og trykte av. Det var ei kule i kammeret og Kath omkom der og då. Dei andre medlemmane i Chicago var i sjokk over dødsfallet til Kath, og vurderte å legge ned bandet. Etter nokre veker i sorg, avgjorde dei å fortsette, og byrja slik ein ny æra i bandhistoria. Dei henta inn songaren og gitaristen Donnie Dacus for oppfølgjaren, Hot Streets.
Då Chicago XI (Columbia 34860) kom ut i september 1977, nådde det sjetteplassen i USA, og låg inne på lista i 20 veker, og selde til platina. Det gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.
I 2002 vart Chicago XI remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med øvingsinnspelingar av Pankow sin «Wish I Could Fly» og Lamm sin «Paris» som bonusspor.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Mississippi Delta City Blues» | Kath | Kath | 4:39 |
2. | «Baby, What a Big Surprise» | Cetera | Cetera | 3:04 |
3. | «Till the End of Time» | Pankow | Pankow | 4:49[2] |
4. | «Policeman» | Lamm | Lamm | 4:02 |
5. | «Take Me Back to Chicago» | Seraphine/Wolinski | Lamm | 5:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «Vote for Me» | Lamm | Lamm | 3:47 |
7. | «Takin' It on Uptown» | Fred Kagan/Kath | Kath | 4:45 |
8. | «This Time» | Loughnane | Loughnane | 4:44 |
9. | «The Inner Struggles of a Man» | Frontiere | instrumental | 2:44 |
10. | «Prelude (Little One)» | Seraphine/Wolinski | Kath | 0:52 |
11. | «Little One» | Seraphine/Wolinski | Kath | 5:40 |
Medverkande
endreBandet
endre- Peter Cetera – bass, solo- & korvokal
- Laudir de Oliveira – perkusjon
- Terry Kath – elektrisk & akustisk gitarar, perkusjon, solo- & korvokal
- Robert Lamm – piano, Hammondorgel, clavinet, Fender Rhodes, solo- & korvokal
- Lee Loughnane – trompet, pikkolofløyte trompet, flygelhorn, vokal
- James Pankow – trombone, klaverinstrument, perkusjon, vokal, blåsararrangement
- Walter Parazaider – saksofonar, fløyte, klarinett
- Danny Seraphine – trommer, perkusjon
Andre medverkande
endre- David «Hawk» Wolinski – ARP-synthesizer på «Take Me Back to Chicago»; Fender Rhodes på «Little One»
- James William Guercio – akustisk gitar og bass på «Baby, What a Big Surprise»
- Tim Cetera – korvokal på «Baby, What a Big Surprise»
- Carl Wilson – korvokal på «Baby, What a Big Surprise»
- Chaka Khan – korvokal og tale mot slutten av «Take Me Back To Chicago»
- Dominic Frontiere – orkestrering på «Baby, What A Big Surprise» og «The Inner Struggles of a Man», stryke- og orkesterarrangement på «Little One»
- The Voices of Inspiration – kor på «Vote for Me»
Produksjon
endre- Produsert av James William Guercio
- Lydteknikar: Wayne Tarnowski
- Assiternade lydteknikar – Tom Likes
- Strykarar innspelt av Armin Steiner ved Sound Labs (Hollywood, CA)
- Mastra av Mike Reese
- Plateomslag – John Berg
- Logodesign – Nick Fasciano
- Fotografi – Reid Miles
Album
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1977 | Billboard Pop Album | 6 |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1977 | «Baby, What a Big Surprise» | Billboard Pop Singles | 4 |
1978 | «Little One» | Billboard Pop Singles | 44 |
1978 | «Take Me Back to Chicago» | Billboard Pop Singles | 63 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chicago XI» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r3854/review
- ↑ Merk: Alle CD-versjonar tonar ut noko tidlegare enn LP-versjonen.