James Pankow

amerikansk musikar

James Carter «Jimmy» Pankow (fødd 20. august 1947) er ein USA-amerikansk trombonist, låtskrivar og arrangør for blåseinstrument, mest kjend som opphavleg medlem i Chicago.

James Pankow

Pankow i 2008
Fødd20. august 1947 (76 år)
FødestadSaint Louis
FødenamnJames Carter Pankow
OpphavUSA
Aktiv1967 til i dag
SjangerRock, adult contemporary, jazz
InstrumentTrombone, klaverinstrument, vokal, perkusjon
Tilknytte artistarChicago; Toto; Three Dog Night; Earth, Wind, & Fire; The Doobie Brothers; Bee Gees
Verka somMusikar, låtskrivar, arrangør

Biografi endre

Pankow var fødd i Saint Louis i Missouri. Han flytta med familien til Park Ridge i Illinois då han var åtte og der byrja han å spele trombone ved St. Paul of the Cross Elementary School. Han er den eldre broren til skodespelaren John Pankow.[1] Pankow studerte basstrombone ved Quincy College. I sommarferien byrja han å spele i band lokalt, og då han ikkje ønskte å slutte i bandet, vart han overført til DePaul University. Her møtte Pankow Walter Parazaider, som tok han med i eit band kalla The Big Thing, som sidan skulle bli Chicago Transit Authority. Kort tid etter det første albumet deira kom ut, vart bandnamnet forkorta til Chicago, då det faktiske Chicago Transit Authority truga med søksmål. Pankow har vore medlem av Chicago sidan den gongen.

I tillegg til å ha spelt trombone, har Pankow komponert mange songar for Chicago, inkludert hittane «Make Me Smile» og «Colour My World» (begge frå suiten hans Ballet for a Girl in Buchannon), «Just You 'N' Me,» «(I've Been) Searchin' So Long,» «Old Days,» «Alive Again,» og (med Peter Cetera) «Feelin' Stronger Every Day».

Pankow var aldri av ei fremste vokalistane i bandet, men han song solovokal på to Chicago-songar: «You Are On My Mind» (frå Chicago X, 1976) og «Till the End of Time» (Chicago XI, 1977).

I lag med blåserekkja i Chicago, Lee Loughnane og Walter Parazaider, spelte Pankow på Three Dog Night sin «Celebrate» frå 1969 og fleire songar på Bee Gees-albumet Spirits Having Flown i 1979. Pankow har òg spelt på fleire album av rockebandet Toto, mellom anna Toto IV frå 1982 og Falling in Between frå 2006.[2]

Kjelder endre

  1. «Brother Act». Chicago Tribune. Henta 20. november 2014. 
  2. James PankowAllmusic. Henta 30. april 2013.

Bakgrunnsstoff endre