Opna hovudmenyen

«Take Me Out to the Ball Game» er ein Tin Pan Alley-song frå 1908 av Jack Norworth og Albert Von Tilzer som har vorte ein uoffisiell hymne for baseball i USA og Canada.[1]

Ein gong Jack Norworth køyrde undergrunnsbanen i New York, såg han eit skilt som sa «Baseball Today – Polo Grounds». I songen ringer kjæasten til Katie (og seinare Nelly) for å be ho ut på eit show. Ho blir med, men berre om han tek ho til ein baseball-kamp i staden. Musikken var skriven av Albert Von Tilzer. Songen vart først sungen av den dåverande kona til Norworth, Nora Bayes og gjort populær via mange varietéar. Han vart første gongen spelt på ein baseballkamp i 1934.

Norworth skreiv ein alternativ versjon av songen i 1927. Norworth og Bayes var elles kjend for å ha skrive hittar som «Shine On, Harvest Moon».)[2][3] Med sal av plater, noteark og pianorullar, vart songen ein av dei mest populære hittane i 1908.The Haydn Quartet, leia av den populære tenoren Harry MacDonough, song ein populær versjon for Victor Records.[4]

Den mest kjende innspelinga av songen var av «Billy Murray and the Haydn Quartet», men det er ikkje visst om Murray song på songen eller ikkje.[5]

Den originale musikken og teksten frå 1908 er no i offentleg eige i USA (opphavsretten er gått ut).

Det første verset av 1927-versjonen vert sungen av Gene Kelly og Frank Sinatra i byrjinga av musikalfilmen Take Me Out to the Ball Game (1949).

KjelderEndra

  1. «Take Me Out to the Ball Game». Performing Arts Encyclopedia. Library of Congress. Henta 24. august 2014. 
  2. «Jack Norworth & Take Me Out to the Ball Game». Laguna Beach Historical Society. Arkivert frå originalen februar 4, 2008. Henta 24. august 2014. 
  3. «Nora Bayes and Jack Norworth: Together and Alone». Archeophone Records. Henta 24. august 2014. 
  4. Newman, Mark. «Take Me Out to the Ball Game: Song Historie». Major League Baseball. Henta 24. august 2014. 
  5. Druckenbrod, Andrew (23 juni 2008). «Name this tune: You sing 'Take Me Out,' it's 100 years old». Pittsburgh Post-Gazette. Henta 24. august 2014. 

BakgrunnsstoffEndra