Opna hovudmenyen
Taklamakanørken.

Taklamakan (uighurisk: تەكلىماكان قۇملۇقى, kinesisk: 塔克拉玛干沙漠) er ein ørken i Sentral-Asia, som for det meste ligg i den autonome regionen Xinjiang i Kina. Han ligg i det ovalforma Tarimbekkenet og strekkjer seg frå Pamirfjella i vest til den tidegare (no opptørka) innsjøen Lop Nur i aust, frå Tian Shan i nord til Kunlunfjella på grensa til Tibet i sør. Utstrekning i aust-vest-retning er om lag 1000 km og i nord-sør-retning rundt 500 km. Arealer er på rundt 270.000 km² og Taklimakan vert rekna som den 18. største ørkenen på jorda. Dei fleste kinesiske atomvåpentestane vart utførte i Taklamakanørkenen.

Innhaldsliste

GeologiEndra

Tarimbekkenet er eit endorheisk nedslagsfelt og det lågaste punktet, Turpan-forsenkinga, ligg 154 meter under havflata.[treng kjelde] Som i andre ørkenar fører vinden saman sanddyner med ei høgd på opp til 100 m, nokre er heilt opp til 300 m høge.[1]

KlimaEndra

Klimaet er kontinentalt, med lite nedbør: i vest rundt 38 og i aust berre 10 mm i året.[treng kjelde] Området er difor svært tørt og mange tidlegare elver har tørka opp. Men det fell snø i fjella rundt Tarimbekkenet og når snøen smeltar om våren vert elvane tilført vatn. Mange elvar forsvinn i ørkensanden, men somme, som den 2000 km lange Tarimelva,[1] fører vatn heilt til Lop Nur i aust, der ho forsvinn. Khotan er ei anna elv som framleis har noko vassføring når snøen smeltar. Det er fleire uttørka elveleie i området. I oasane veks det poppel og ymse buskvekstar og det vert dyrka frukt og grønsaker i frodige hagar.

FolkesetnadEndra

Rundt kanten på ørkenen ligg det fleire oasar, både i nord og sør og fleire av desse er mellomstore byar. Til for nokre tiår sidan var dei fleste innbyggarane uighurar, men i nyare tid har mange han-kinesarar flytta inn i området, noko som har ført til fleire uighuropprør. Tidlegare budde tokharane (som tala eit indo-europeisk språk) i dette området, men dei vart fortrengt av tyrkiskspråklege uigurarane for snart 1000 år sidan.

SilkevegenEndra

 
Alternative ruter forbi Taklamakan på den nordlege Silkevegen.

Den nordlege silkevegen gjekk gjennom dette området og noko forskjellige ruter vart nytta for å koma rundt Taklamakan. Ei rute gjekk nord for Tian Shan-fjella, ei anna gjekk langs den nordlege kanten av ørkenen, austover frå Kashgar, via Aksu, Kucha, Turfan og Hami. Eit alternativ var å ta av ved Korla, Lulan og Dunhuang, i staden for Turfan og Hami. Ei anna rute gjekk langs den sørlege kanten av ørkenen: Kashgar, Yarkant, Khotan, Yutian, Qargan og Dunhuang.

KjelderEndra