Talk av Yes
Studioalbum av Yes
Språk engelsk
Utgjeve 21. mars 1994
Innspelt 1992–1993
Studio The Jacaranda Room
(Hollywood i California)
A&M Recording Studios
(Hollywood i California)
Sjanger
Lengd 55:02
Selskap Victory Music
Produsent Trevor Rabin
Yes-kronologi 
Union
(1993)
Talk av Yes Keys to Ascension
(1996)


Singlar frå Talk
  1. «Walls»
    Utgjeve: 1994
  2. «The Calling»
    Utgjeve: 1994
  3. «State of Play»
    Utgjeve: 1994

Talk er det fjortande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i mars 1994. Dette er deira første album på eit sjølvstendig plateselskap, etter ein lang karriere hos dei store selskapa Atlantic Records og Arista Records. Talk er òg det siste Yes-albumet der Trevor Rabin og Tony Kaye medverkar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[2]
Rolling Stone2/5 stars[3]

Albumet kom på 33. plass på Billboard 200 i USA og på 20. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[4]

Bakgrunn endre

Etter den suksessrike Union-turneen i 1991 håpte mange at åttebands-versjonen av Yes skulle spele inn musikk saman, men dette viste seg å vere særs vanskeleg. Både personlege motsetningar og innblanding frå managementa til dei einskilde medlemmane forhindra dette. Bill Bruford, Steve Howe og Rick Wakeman vart av plateselskapet ofra til fordel for høva for ein hit i stil med «Owner of a Lonely Heart». Difor ynskte dei at medlemmane som medverka på albumet 90125 skulle fortsetje som Yes.

Rabin tok kontrollen over såvel musikken som produseringa, og gjorde no eit forsøk på å oppdatere stilen til Yes for at det skulle passe inn i musikkbiletet på 1990-talet. I tillegg til å ha ei hand med på kvar einaste låt på albumet, tok han seg den fridomen å spele dei fleste instrumenta sjølv, inkludert ein del overdubbingar av basspelinga til Chris Squire. Dette irriterte Squire, og Anderson var frå før skeptisk til arbeidsmetodane til Rabin.

Talk fekk gode kritikkar av musikkjournalistane, paradoksalt nok på grunn av at det minte ein del om stilen frå 1970-talet, medan publikum generelt ignorerte albumet. Dette var det første Yes-albumet som ikkje nådde gullplate-status i verken Storbritannia eller USA. Albumet er eit av dei første som vart innspelt 100% digitalt, noko som var banebrytande. Men på grunn av barnesjukdomar med teknikken og problem med minnekapasitet tok det uforholdsmessig lang tid for Rabin å ferdigstille albumet.

Etter den påfølgjande turneen valde Trevor Rabin og Tony Kaye å forlate bandet for godt. Dette «utnytta» Anderson, Squire og White med å invitere Steve Howe og Rick Wakeman med i bandet igjen.

Sporliste endre

Alle songar er skrivne av Jon Anderson og Trevor Rabin, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Calling»Anderson/Rabin/Chris Squire6:56
2.«I Am Waiting» 7:25
3.«Real Love»Rabin/Squire/Anderson8:49
4.«State of Play» 5:00
5.«Walls»Anderson/Rabin/Roger Hodgson4:57
6.«Where Will You Be» 6:09
7.«Endless Dream: a.) Silent Spring» (Instrumental) 1:54
8.«Endless Dream: b.) Talk» 11:56
9.«Endless Dream: c.) Endless Dream» 1:53

Europeisk utgåve endre

Nr.TittelLengd
1.«The Calling»6:56
2.«I Am Waiting»7:25
3.«Real Love»8:49
4.«State of Play»5:00
5.«Walls»4:57
6.«Where Will You Be»6:09
7.«Endless Dream»15:44
8.«The Calling» (bonusspor)8:08

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Welch 2008, s. 118.
  2. Ruhlmann, William. «Yes: Talk». AllMusic. Henta 22. februar 2020. 
  3. Birkbeck, Matt (22. september 1994). «Yes: Talk [Bonus Track]». Arkivert frå originalen 18 Desember 2007. 
  4. UK Albums Chart: Yes – Talk