Opna hovudmenyen

Talmei Elazar (hebraisk skrift תַּלְמֵי אֶלְעָזָר, tyder Elazar-furene) er ein moshav nord i Israel. Han ligg aust på Sharonsletta nordaust for Hadera og høyrer til Menashe regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 693.

Talmei Elazar
moshav
TalmeyElazar 6701.jpg
Namneopphav: Elazar-furene
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Menashe
Koordinatar 32°26′43.08″N 34°58′40.8″E
Grunnlagd 1952
 - Grunnlagd av Innbyggjarar frå Zikhron Ya'akov og austeuropeiske og iranske jødar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Talmei Elazar
Nettstad: http://www.talmei-elazar.com

Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av innbyggjarar frå Zikhron Ya'akov og emigrantar frå Aust-Europa og Iran på landområde kjøpt av Palestine Jewish Colonization Association. Han vart kalla opp etter Elazar Warmassar, ein av leiarane for PJCA.

Ada Barak kjøtplantegard ligg i Talmei Elazar. Garden, som er open for vitjande, har ei utstilling av planter som et insekt, reptil og små pattedyr. Barak driv òg ein spa som driv med slangemassasje, då det vart oppdaga at berøring av slangar hadde ein terapeutisk verdi.[1]

KjelderEndra

  1. A Spa That Slithers, Time Magazine