Tamanghasset (arabisk ولاية تمنراست ) eller Tamanrasset, òg kalla Tamenghest (på tamazightisk) er ein by med 76 000 innbyggarar i Sør-Algerie. Tamanghasset er hovudstaden i provinsen Wilaya de Tamanrasset. Byen ligg 1400 meter over havet i fjellkjeda Hoggar, på 22° 47' nordleg breiddegrad og 5° 31' austleg lengdegrad.[2]

Tamanghasset
by
Land  Algerie
Areal 37 713 km²
Folketal 92 635 (2008)[1]
Kart
Tamanghasset
22°47′6″ N 5°31′22″ E
Wikimedia Commons: Tamanrasset

Under fransk okkupasjon av Algerie, frå 1830 til 1962, var Tamanghasset ein garnisonsby. Tamanghasset, som er den største Tuareg-byen, er eit populært turistmål og i åra før borgarkrigen i Algerie var Tamanghasset eit populært reisemål for dei som ynskte ein eksotisk ferie. Det er godt utval av overnattings- og serveringsplassar og kvar ettermiddag er det marknad. Rundt byen er det store ørkenområde og Hoggarfjella ligg i nærleiken, som er restar etter utdøydde vulkanar med høgder på litt under 3000 meter. Byen har òg ein forskningsstasjon.[3]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre