Tamara Tysjkevitsj

Tamara Andrejevna Tysjkevitsj (russisk: Тамара Андреевна Тышкевич) (31. mars 193127. desember 1997) var ein russisk friidrettsutøvar frå Vitebsk som tevla for Sovjetunionen. Ho vann OL-gull i 1956 då ho gjorde sitt livs beste støyt med 16,59 m.

Tamara Tysjkevitsj


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 31. mars 1931
Čašniki District
Død

27. desember 1997 (66 år)
St. Petersburg

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Dei sovjetiske utøvarane dominerte kulestøyt-tevlinga for kvinner då Sovjetunionen for fyrste gong var med i dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952. Galina Zybina vann med ny verdsrekord på 15,28 m, medan Klavdija Totsjonova tok bronse med 14,50 m og Tysjkevitsj vart nummer fire med 14,42 m. Sølvmedaljen gjekk til Marianne Werner frå Tyskland med 14,57 m.

Under europameisterskapen 1954 i Bern vann Zybina på ny (15,65 m), føre Marija Kuznetsova (14,99 m). Tysjkevitsj fullenda den sovjetiske storeslemmen med 14,78 m og bronsemedalje.

Før dei olympiske leikane 1956 i Melbourne heldt Galina Zybina verdsrekorden med 16,76 m. I finalen, som fann stad 30. november, støytte Zybina 16,53 m og forebtra den olympiske rekorden for tredje gong i tevlinga. Men Tamara Tysjkevitsj støytte ho 16,59 m i siste forsøk og vann gullmedaljen framom Zybina og Marianne Werner (15,61).

I europameisterskapen 1958 vann Marianne Werner frå Vest-Tyskland med 15,74 m. Tysjkevitsj tok sølvmedaljen med 15,54 m, ein centimeter føre Tamara Press på bronseplass.

Tyskjevitsj vart sovjetisk meister i kulestøyt i 1956 og 1957.

Kjelder endre