Tammun (arabisk skrift طمّون, hebraisk skrift טאמון) er ein palestinsk by i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Nablus og fem kilometer sør for Tubas nordaust på Vestbreidda. Tammun hadde eit folketal på kring 10 795 innbyggjarar i 2007.[3]

Tammun
طمّون, טאמון, Tamoun, Tamon
kommune
Namneopphav: «Stille»,[1] eller «Å flyte over»[2]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°17′03″N 35°23′09″E / 32.28417°N 35.38583°E / 32.28417; 35.38583
Areal 81,0 km²
Folketal 10 795  (2007)
Folketettleik 133 / km²
Grunnlagd 1400-talet
 •  Bystatus 1997
Borgarmeister Muhammad Ahmad Bsharat
Kart
Tammun
32°17′03″N 35°23′09″E / 32.2842°N 35.3858°E / 32.2842; 35.3858
Kart som viser Tammun.
Kart som viser Tammun.
Kart som viser Tammun.
Wikimedia Commons: Tammun

Historie

endre

I 1854 vart Tammun identifisert som den bibelske byen Tabbath i Efraim av bibelforskaren van de Velde.[4][5] Tabbath er i dag identifisert som ein stad i Jordan.[6][7] Namnet på byen kjem frå det arabiske ordet tammen, som tyder «stille».[1]

Den moderne historia til Tammun går attende til 1400-talet. Byen vart grunnlagd av ei gruppe beduinar frå Arabia som prøvde å finne ein trygg stad i Palestina med utsyn over områda i nærleiken.[1] I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Tammun», i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 15 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[8] Over dei siste fire hundreåra, slo arabarar frå byane Kafr Qaddum og Halhul seg ned i byen.[1] I 1881 vart Tammun skildra som «ein ganske stor landsby ved foten av fjellet, med ope lende i nord. Landsbyen ligg høgt, med oliven i sør.[9]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tammun eit folketal på 1 345, alle muslimar.[10] Dette hadde auka i 1931 til 316 busette hus og eit folketal på 1599, igjen alle muslimar.[11]

I 1945 var folketalet 2 070, med 98 080 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[12] 393 dekar vart nytta til plantasjar og irrigert land, 33 181 dekar for korn,[13] medan 157 dekar vart utbygd (urbant) land.[14]

Geografi og klima

endre

Tammun ligg 332 meter over havet. Han ligg fem kilometer sør for Tubas, 23 kilometer nordaust for Nablus, og grensar til Far'a og Wadi al-Far'a i vest og an-Naseriya i sør.[1]

Årsmiddeltemperaturen i Tammun er 20 grader Celsius. Byen har ein årsmiddelnedbør på 331 millimeter og ein gjennomsnitt luftfukt på 57 %.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Tammun Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem.
  2. Palmer, 1881, 208
  3. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.107.
  4. Meredith van de Velde, William Charles. (1854). Narrative of a Journey Through Syria and Palestine in 1851 and 1852 W. Blackwood and Sons, p,328.
  5. Dommarane 7:22
  6. W. F. Albright (1924–1925)). «The Jordandalen i bronsealderen». The Annual of the American Schools of Oriental Research 6: 13–74. 
  7. John F. A. Sawyer and David J. A. Clines (1983). Midian, Moab And Edom: History And Archeology Of Late Bronze And Iron Age Jordan And North West Arabia. Continuum International Publishing Group - Sheffie. 
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
  9. Conder og Kitchener, 1882, s. 228
  10. Barron, 1923, Table IX, Underdistrikt of Nablus, s. 24
  11. 1931 Det britiske mandatet Census. s. 65.
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158

Bakgrunnsstoff

endre