Halhul (arabisk حلحول, Ḥalḥūl) er ein palestinsk by som ligg sør på Vestbreidda, 5 km nord for Hebron i Hebron guvernement. Byen grensar til Sa'ir og Ash-Shuyukh i aust, Beit Ummar og Al-Arroub flyktningleir i nord, og Kharas og Nuba i vest.[2] Han ligg 916 meter over havet og er den høgasteliggande busetnaden i Palestina.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 22 108, hovudsakleg muslimar, i 2007.[3]

Halhul
حلحول
kommune
Namneopphav: frå Hulhul, eit førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°34′44″N 35°05′57″E / 31.57889°N 35.09917°E / 31.57889; 35.09917
Areal 37,3 km²
Folketal 22 128  (2007)
Kart
Halhul
31°34′44″N 35°05′57″E / 31.578888888889°N 35.099166666667°E / 31.578888888889; 35.099166666667
Wikimedia Commons: Halhul

I følgje jødisk, kristen og muslimsk mellomaldertradisjon, ligg gravene til dei bibelske profetane Gad og Natan i Halhul. Ein annan muslimsk tradisjon plasserer òg grava til Jona i byen. Gravstaden, som tidlegare var erklært ein heilag stad under det israelske styret, er no ein del av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Den israelske busetjinga Karmei Tzur ligg i utkanten av Halhul.[4] Halhul er omgjeve av mange eldgamle gravholer.

Historie endre

Oldtida endre

Det arabiske namnet har bevart det bibelske namnet på staden (hebraisk חַלְחוּל; gresk Αἰλουά/Άλοόλ, latin Alula,)[5] som ein trur er eit kanaanittisk ord som tyder «å skjelve (av kulde)».[2] I følgje Bibelen høyrte Halhul til Juda, i eit ulendt lanskap nær Beth-zur.[6] Bibelforskaren Edward Robinson identifiserte den moedne byen med «Halhul» nemnt i Josvas bok.[7] John Kitto skreiv at det moederne namnet er identisk til namnet i den hebraiske Bibelen, og har difor vore uendra i meir enn 3 300 år.[8]

 
Ruinane av Beit Zur i 1925.

Arkeologiske utgravingar i Burgh e-Sur har avdekt ruinar av ein festningsby frå oldtida, datert til midten av bronsealderen, truleg knytt til Hyksos. Byen vart øydelagd under eit egyptisk raid på 1600-talet fvt. og låg i ruinar i over 300 år. I byrjinga av jernalderen på 1000-talet fvt. vart han busett på ny av israelittane. Bibelen nemner at Rehoboam forsterka forsvarsverka i byen. Kring 1000 fvt. vart byen fråflytta og så langsamt busett igjen til kring 650 fvt. då han var ein travel by. Halhul vart øydelagd, i lag med Jerusalem og Tempelet, av Nebudkanesar II under invasjonen hans av Kongedømet Judea i 587 fvt. Byen er igjen nemnt i krønikene i slaga mellom Selevkideriket og Det ptolemaiske kongedømet. Han vart forsterka av Judas Makkabeus etter sigeren hans i slaget ved Beth Zur i nærleiken. Etter at edomittar-trugselen vart fjerna av Johannes Hyrkanos forfall byen. Han vart igjen forsterka berre 150 år seinare, under Bar Kokhba-opprøret.[9]

Det er funne store mengder keramikk med inskripsjonar på gammalhebraisk, dei fleste av dei seier «Til kongen» og nemner namn på stader i nærleiken. Handtak med jødiske namn inskribert på gresk er funne frå den hellenistiske tida.[9]

Ein har funne tufter av hus frå romersk og islamsk tid grave djupt ned i dei eldre busetjingslaga.[9] Mellom anna har ein funne spor av mosaikk med skrift på gresk der det tidlegare låg ei kyrkje. Ein har òg funne bysantinsk keramikk.[10]

Mellomalderen endre

Krønikaren Ali av Herat dokumenterte i 1173 evt., at medan Halhul var ein del av kongedømet Jerusalem under krossfararane, var han ein landby der grava til Yunis ibn Matta (Jona son av Amittai) låg.[11] Under ajjubidane i 1226 vart det bygd ein moské med ein minaret i byen.[12] Same året vitja den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi Halhul, og skreiv at han låg mellom Hebron og Jerusalem og at grava til Jona låg her.[13]

Osmansk tid endre

Halhul vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596 stod landsbyen oppført som ein del av i Halil nahiya i Quds liwa. Alle innbyggjarane var muslimar fordelt på 92 hushaldningar og dei betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[14]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde 700 innbyggjarar. Han nemnte graver datert frå den jødiske tida hogde ut i berget, ei kjelde, Ain Ayoub (Jobskjelda) på sørsida av åsen, som gav vatn til innbyggjarane. Moskeen Djama'a Nebi Yunis (moskeen til profeten Jona) som var bygd av eldgamle steinar, og det ulovleg for utlendingar å kome inn.[15]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Halhul som ein stor steinlandsby på ein åstopp, med to kjelder og ein brunn.[16] Moskeen verka å vere ein «moderne» bygning.[17]

Det britiske mandatet endre

 
Landsbybuarane ventar på ei filmframsyning i frilluft, 1940.

I folketeljinga i 1922 hadde Halhul eit folketal på 1 927, alle muslimar.[18] Dette auka i folketeljinga i 1931, då Halhul, i lag med Kh. Haska, Kh. en Nuqta, Kh. Beit Khiran, Kh. Baqqar og Kh. ez Zarqa hadde eit folketal på 2 523 i 487 hus. Utanom ei kristen kvinne, var alle framleis alle muslimar.[19]

I juli 1939, under arabaropprøra, var landsbyen åstad for brutale handlingar av det britiske Black Watch-regimentet. I eit forsøk på å få landsbybuarane til å gje frå seg våpena dei var mistenkte for skjule, vart alle mennene i landsbyen sette i bur i sola med lite vatn.[20] Elleve eldre og svake menn døydde under sommarsola og mangel på vatn. Ein annan mann hevda han hadde skjult eit våpen i ein brunn, men vart drepen då det viste seg at han laug.[20]

I 1945 var folketalet i Halhul 3 380 arabarar, som eigde 37 334 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[21] Av dette var 5 529 mål for plantasjar og irrigert land, 13 656 for korn,[22] medan 165 mål var utbygd (urbant) land.[23]

Etter 1948 endre

I 1949, etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, Halhul under Jordan sitt styre.

I juni 1967 under seksdagarskrigen vart Halhul erobra av Israel i lag med resten av Vestbreidda.

I mars 1979 innførte Det israelske forsvaret (IDF) eit portforbod i Halhul som vart 16 dagar. To ungdomar, mellom anna ei ung jente, vart skotne og drepne av jødiske busetjarar då dei protesterte mot portforbodet.[24]

Halhul ligg i Område A av Den palestinske sjølvstyresmakta, og er heilt underlagt palestinsk styre. Under den andre intifadaen konfiskerte Israel kring 1 500 mål med land frå Halhul kommune.[2]

Geografi endre

Byen ligg på toppen av Nabi Yunis, det høgaste punktet på Vestbreidda med 1 030 meter over havet. Byen har eit landareal som strekkjer seg over 37 335 mål.[25]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 393
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 'Halhul', ARIJ, 2000.
  3. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  4. Pekka Pitkänen, Josva, InterVarsity Press, 2010 s. 296.
  5. Guérin, 1869, s. 284 -p.285
  6. Eerdmans Dictionary of Bibelen. Amsterdam University Press. 31. desember 2000. s. 542. ISBN 978-90-5356-503-2. Henta 19. september 2015. 
  7. Robinson, 1841, vol. 1, s. 319.
  8. William Lindsay Alexander; John Kitto (1864). A cyclopædia of bibelske litteratur, ed. by J. Kitto. s. 199–200. Henta 19. september 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Lexicon of Eretz Israel – Halhul (hebraisk)
  10. Dauphin, 1998, s. 937
  11. Ali of Herat sitert i le Strange, 1890, s.447.
  12. Mujir ad-Din sitert i le Strange, 1890, s.448.
  13. Al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.447.
  14. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 123
  15. Guérin, 1869, s. 284 - 287
  16. Conder og Kitchener, 1883, s. 305
  17. Conder og Kitchener, 1883, s. 329
  18. Barron, 1923, Table V, Underdistrikt of Hebron, s. 10
  19. Mills, 1932, s. 32
  20. 20,0 20,1 Hughes, M. (2009) The Banality of Brutality: British Armed Forces and the Repression of Arab Revolt in Palestine, 1936–39, English Historical Review Vol. CXXIV No. 507, 314–354.
  21. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  22. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
  23. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
  24. Report of the Special Committee to investigate Israeli practices affecting the human rights av the inhabitans in the occupied territories[daud lenkje]
  25. Velkomen til Halhul: Town Statistics and Facts Sami Hadawi (Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral) via palestineremembered.com

Bakgrunnsstoff endre