Tampico
Tampico er ein by ved Mexicogolfen som ligg sør i den meksikanske delstaten Tamaulipas, ved grensa til Veracruz. Tampico er ein viktig hamneby og jernbaneendepunkt. Byen ligg sentralt i eit område med rike oljefelt, og var lenge rekna som verdas største oljehamn.
Tampico | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Tamaulipas | ||
Høgd | 10 m | ||
Areal | 92,73 km² | ||
Folketal | 297,284 (2010) | ||
Folketettleik | 4 338 / km² | ||
Grunnlagd | 13. april 1823 | ||
Tidssone | Central Standard Time (UTC-6) | ||
- Sommartid | Central Daylight Time (UTC-5) | ||
![]() Tampico | |||
Wikimedia Commons: Tampico | |||
Nettstad: www.tampico.gob.mx | |||
Ved folketeljinga i 2010 hadde Tampico 297 284 innbyggjarar.[1] Dette utgjer rundt 10 % av alle innbyggjarane i delstaten.
Økonomisk er petroleumsraffinering, kjemisk industri, treindustri, skipsverft og fiske- og fiskeforedlingsindustri viktige næringar. Byen er også ein turiststad, og det er mellom anna mogleg å driva med jakt og fiske her.
HistorieEndra
Dagens by blei grunnlagd 13. april 1823. Det hadde då allereie vore europeiske koloniar her, som ein misjon skipa i 1832 og ei busetjing kalla San Luis de Tampico frå 1554. Ho blei forlaten i 1684 etter fleire sjørøvaråtak. Pánucoelva som byen ligg ved hadde vore folkesett i lang tid før dette, hovudsakleg av huastecfolk.
I august 1829 blei Tampico invadert av spanske troppar frå Cuba, som eit siste forsøk på å hindra meksikansk sjølvstende. I september tok meksikanske styrkar under general Santa Ana tilbake byen.
9. april 1914 oppstod ei usemje i Tampico mellom meksiskanske soldatar og amerikanske marinesoldatar frå USS «Dolphin». Dette førte til Tampico-affæren, med kamphandlingar og brot på diplomatisk samband mellom USA og Mexico, og ein amerikansk okkupasjon av Veracruz som varte i eit halvt år.
Universitetet i Tampico blei grunnlagd i 1972.
KjelderEndra
- «Tampico» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Tampico» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2014.