Tana bru
Tettsted
Tana bru, nordsamisk Deanu šaldi, er ein tettstad og administrasjonsenteret i Tana kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Staden ligg på vestsida av Tanaelva og har namn etter sjølve brua over elva som er bygd der.
Tana bru | |||
tettstad | |||
Brua som har gjeve staden namn
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Tana | ||
Areal | 0,97 km² | ||
Folketal | 728 (2017) | ||
Folketettleik | 751 / km² | ||
Postnummer | 9845 TANA | ||
![]() Tana bru | |||
Wikimedia Commons: Tana | |||
Brua som står ved Tana bru i dag vart ferdig i 1948, og er ei mjuk hengebru. Ei ny bru vart landfast i 2019.[1][2] Brua er del av E6/E75. Riksvegane 98, 890 og 895 gjer saman med E6/E75 staden til eit viktig vegknutepunkt.
HistorieEndra
På kvelden 5. november eller tidleg den 6. november 1944 vart Tana-brua sprengd då den tyske militærmakta trekte seg attende frå Finnmark.[3]
Indre Finnmark tingrett med tilhald i Tana bru vart skipa i 2004.[4]
KjelderEndra
- ↑ «Nye Tana bru er landfast». Statens vegvesen. 07.10.2019.
- ↑ «Tana bru skulle åpnet i desember - åpningen usettes til august 2020». Byggeindustrien. 23.10.2019.
- ↑ Dag F. Simonsen. Hva skjedde i Tana høsten 1944?. snefjellet.no. Henta 9. oktober 2019
- ↑ Skogvang, Susann Funderud (29. desember 2013). «Indre Finnmark tingrett». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.Denne Finnmarkartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.