Tapestida, òg kalla eiketida eller littorinatida, er ein varm tidsperiode etter den siste istida i yngre steinalder og bronsealderen, frå kring 8000 til kring 4000 år sidan. Klimaet vart då gunstig og mange varmekrevjande dyr og planter strekte seg 1500 km lenger nord enn dei gjer no, samt at skoggrensa gjekk høgare, i Sør-Noreg opp til 1100 meter over havet.

Namnet på tidsavsnittet kjem av muslingen Venerupis decussatus, tidlegare Tapes decussatus.

Tapestransgresjonen endre

Varmen tapestida førte til at mykje is i polområda smelta, slik at havet steig. Dette seinka landhevinga, og nokre stader stod landet stille eller vart endå til lågare samanlikna med havnivået. Denne transgresjonen skjedde hovudsakleg dei fyrste 2000 åra av tapestida. Det stigande havnivået førte til at Austersjøen gjekk frå å vere ein innsjø, Ancylussjøen, til å vere ei salt havbukt, Littorinahavet.

Mange stader i landet har tapestransgresjonen vore styrande på korleis geologien og lausmassane har utvikla seg etter siste istid. Stillstand i havnivået fører til at bylgjene får lang tid til utvikla ei tydeleg strandline, som til og med kan erodera fjell.

Røst var havnivået under tapestida det høgaste sidan istida, og transgresjonen set soleis marin grense. StrandvollaneAndøya vart sett av på tapestida, og danar den viktigaste landbruksjorda i området. Vollane er høgre enn landet innanfor, og demmer difor opp vatn og myrar.

Kjelder endre