Tartaro-Canalbianco

Tartaro-Canalbianco er ei elv i Veneto i Italia. Den øvre delen av elva ligg i provinsen Verona og vert då kalla Tartaro, medan den nedre delen av elva ligg i provinsen Rovigo der ho vert kalla Canal Bianco eller Canalbianco («Den kvite kanalen»). Ho er den einaste av elvane mellom Adige og Po som renn direkte ut i Adriahavet.

Elva Tartaro nær kyrkja Santa Maria Maggiore ved Gazzo Veronese.

Ho har sitt utspring i åsane søraust for Gardasjøen og tidlegare følgde elva meir eller mindre same leiet som Adigettokanale før breidda til Cucca braut saman under storflaumen i 589. Det latinske namnet fram til då hadde vore Tartarus for heile elva (Plin. iii. 16. s. 20).

Etter breidda av Cucca braut saman har den nedre delen av elva stort sett følgde det som tidlegare var den nedre delen av Mincio, og sidan denne delen vart kanalisert har ho her vorte kalla Canal Bianco, som i dag renn gjennom Adria. Elva er forbunde til Adige og Po via kanalar.

Kjelder endre