Tarvisio

kommune i Italia

Tarvisio, tysk: Tarvis, er ein kommune lengst nordaust i Provinsen Udine i Friuli-Venezia Giulia i Italia. Kommunen har ei flatevidd på 208,3 km² og i kring 4 200 ibuarar. I nord grensar kommunen til Austerrike og i aust til Slovenia. Landsbyen Tarvisio ligg 732 meter over havet og er eit kjent turistmål, særleg skiturisme.

Tarvisio

I Tarvisio har det vorte arrangert fleire verdscuptevlingar i skiidrett. På 1980-talet vart det avvikla renn i nordisk kombinert, medan det i 2007, 2009 og 2011 vart arrangert renn i verdscupen i alpine greiner. Også juniorverdsmeisterskapen 2007 i nordisk skiidrett fann stad i Tarvisio.

Italiensk er dominerande talemål i Tarvisio. Då Tarvis i 1918 vart innlemma i Italia var tysk det dominerande talemålet, framom slovensk og italiensk.

Kjelder endre