Tasmansk djevel
Tasmansk djevel eller pungdjevel (Sarcophilus harrisii eller Sarcophilus laniarius), er eit lite dyr på storleik med ein stor katt. Han har fått namnet sitt fordi han i forhold til storleiken sin har ein av verdas sterkaste kjevar. Dersom han føler seg trua lagar han eit brøl som kan høyrast ut som eit uhyre som skrik. Han har vore utbreidd i heile Australia, men no finst han berre på øya Tasmania.
Tasmansk djevel | |
Tasmansk djevel-hann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Tasmansk djevel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Dasyuromorphia |
Familie: | Dasyuridae |
Slekt: | Sarcophilus |
Art: | Tasmansk djevel S. harrisii |
Vitskapleg namn | |
Sarcophilus harrisii |
No herjar ein kreftsjukdom som truar med å utrydde den tamanske djevelen. Forskarar i Australia jobbar for å finne ein kur mot den drastiske nedgangen i talet på arten.
København Zoo fekk fire tasmanske djevlar av den tasmanske regjeringa då prins Christian av Danmark vart døypt, fordi mor hans, kronprinsesse Mary av Danmark, er frå Tasmania.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «København Zoo#Tasmansk pungdjævel» frå Wikipedia på dansk, den 12. juli 2012.