Tauno Olavi Käyhkö (fødd 6. mai 1950) frå Rovaniemi er ein finsk-canadisk, tidlegare skihoppar. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 1971/72 og kom på fjerdeplass i storbakkerennet under verdsmeisterskapen på ski 1970 og vinterolympiaden 1972. Kombinertløparen Erkki Luiro og skihopparen Tauno Luiro var onklane hans.

Tauno Käyhkö
Statsborgarskap Finland, Canada
Fødd 6. mai 1950 (73 år)
Rovaniemi
Yrke skihoppar

Aktiv endre

Kaykhö slo gjennom i 1970, då han kom på delt fjerdeplass i storbakken i Štrbské Pleso under Ski-VM 1970. Han vart samanlagt nummer fire i den tysk-austerrikske hoppveka 1970/71 og nummer tre i den same hoppveka eitt år seinare. Sitt beste renn i hoppveka gjorde han i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1972, der Yukio Kasaya vann ein klar siger.

I OL i Sapporo i 1972 vart Käykhö nummer fire i storbakken. Han fekk då 219,2 poeng og hamna 0,7 poeng bak vinnaren, Wojciech Fortuna frå Polen, samt 0,1 poeng bak bronsevinnaren Rainer Schmidt frå Aust-Tyskland. I normalbakken vart han nummer 18. To år seinare kom han på sjetteplass i normalbakken i Falun under Ski-VM 1974.

I 1975 utvandra Tauno Käyhkö til Canada og tevla sidan for det landet. Frå og med 1976 hoppa han igjen internasjonalt. I VM i Lahti i 1978 vart han nummer 5 i storbakken og nummer 16 i normalbakken. I OL i Lake Placid i 1980 vart han nummer 26 i storbakken og nummer 30 i normalbakken. Kaykhö vart nummer 54 i den fyrste sesongen verdscupen i skihopping vart arrangert, sesongen 1979/80. Han la deretter hoppskia på hylla.

Kjelder endre