Yukio Kasaya (fødd 17. august 1943) er ein japansk tidlegare skihoppar frå Yoichi på Hokkaido. Han vart olympiameister i normalbakken i 1972 og vann VM-sølv i normalbakken i 1970.

Yukio Kasaya


Statsborgarskap Japan
Fødd 17. august 1943 (80 år)
Yoichi
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1972 – Normalbakke

Utmerkingar

Æresmedalje med lilla band

Aktiv endre

Kasaya deltok i dei internasjonale skimeisterskapane frå 1964, utan dei heilt store resultata. Fyrst då han vart nummer ti i den tysk-austerrikske hoppveka 1969/70, nærma han seg verdstoppen. Likevel var det svært overraskande at han skulle ta VM-sølv i normalbakken under meisterskapen i Štrbské Pleso i februar 1970. I 1971-sesongen vart Kasaya nummer to i Holmenkollen, fire poeng bakom Ingolf Mork.

Sesongen 1971/72 vann Kasaya dei tre fyrste renna i den tysk-austerriske hoppveka, og reiste så heim for å førebu seg til vinter-olympiaden på heimebane i Sapporo. Dermed overlet han hoppvekesigeren til Ingolf Mork. Kasaya vart olympisk meister i normalbakken under Sapporo-OL. Han vann ein klar siger føre landsmennene Akitsugu Konno og Seiji Aochi, som ordna storeslem for Japan. Kasaya var den fyrste asiat som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL, noko som har gjeve han ein særeigen status i japansk idrett. I storbakken vart han nummer sju.

I sin siste internasjonale sesong som skihoppar vart Kasaya under verdsmeisterskapen i Falun i 1974 nummer åtte i storbakken og nummer ni i normalbakken. Straks etter vart han nummer to i hopprennet i Holmenkollen, der Walter Steiner vann klart.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre