Taurikura landhandel og Mount Manaia
Mount Manaia sett frå hamna i Taurikura

Taurikura er ein liten, landleg busetnad i Whangarei District, om lag 30 kilometer søraust for Whangarei city i regionen NorthlandNew Zealand.

Byen ligg ved stranda i havbukta Calliope Bay ved foten av det 420 meter høge fjellet Mount Manaia som — saman med Bream Head og øyene Hen and Chicken Islands — er restar etter ein svært gammal vulkan.

I Taurikura ligg mellom anna ein baptisteigd leirstad og ein landhandel. Den lokale skulen er Whangarei Heads School (frå 1858), som gjer krav på å vera den nest eldste skulen på New Zealand som ennå held til på den opphavlege staden.

Byen byr på fleire gode utsiktspunkt over mot oljeraffineriet Marsden Point Oil Refinery som ligg på motsett side av Whangarei Harbour.

Berre eit kort stykke unna byen ligg fleire framifrå havstrender.

ReferansarEndra

1. Geological Society of New Zealand Årskonferanse, 2.-5. desember 2002

2. Vevsida til Whangarei Heads School

3. Northland Naturally, Vevside til Mount Manaia

BakgrunnsstoffEndra

Whangarei Heads turistinformasjon

Koordinatar: 35°49.36′S 174°31.40′E