Tayasir (arabisk تياسير,[1] òg skrive Tiaseer) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nord på Vestbreidda. Han ligg tre kilometer nordaust for Tubas og 22 kilometer nordaust for Nablus. Stader i nærleiken er al-Akabah i aust, al-Bikai'a i nordaust, Salhab i nord, 'Aqqaba i vest og ath-Thaghra i sørvest. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Tayasir eit folketal på 2 489 i 2007.[2]

Tayasir
تياسير, Tiaseer
kommune
Teikning av el-Kusr i Tayasir i 1882
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°20′25.56″N 35°23′48.42″E / 32.3404333°N 35.3967833°E / 32.3404333; 35.3967833
Areal 26,0 km²
Folketal 2 489  (2007)
Folketettleik 96 / km²
Grunnlagd Tidleg på 1500-talet.
 - Bystatus 1997
Borgarmeister Akram Dabaq
Kart
Tayasir
32°20′26″N 35°23′48″E / 32.340433333333°N 35.396783333333°E / 32.340433333333; 35.396783333333
Wikimedia Commons: Tayasir

Historie endre

Ein trur det har budd folk i Tayasir sidan kanaanittisk tid i Palestina, og namnet kjem frå det kanaanittiske ordet Asheer som tyder «glede». Det finst fleire arkeologiske funn i landsbyen, som eit romersk palass, ei olivenpresse, fleire grotter og ein gammal moské.[3] Ein eldgamal veg gjekk gjennom landsbyen, og ein har funne bysantinsk keramikk.[4] Han verkar å ha blitt kalla Asher av Bordeaux-pilegrimar i 333-334 evt.[5]

Den arabiske mellomaldergeografen al-Muqaddasi skreiv seint på 900-talet om landsbyen «Ta'asir», skildra som ein stad like langt frå Nablus og Beisan[6]

I 1500 slo dei arabiske klanane Jabir og Taleb seg ned på området og grunnla den moderne landsbyen, på grunn av den strategiske plasseringa og dei isolerte markene.[3] I 1596 var han oppført i osmanske skattelister som «Tayasir», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 39 hushaldningar og 9 ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter, bikubar og ei presse for oliven eller druer.[7]

Ein bygning sør for Tayasir, kalla el-Kusr, kanskje ei grav, vart først skildra i 1869[8] og undersøkt i 1874.[9] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja òg landsbyen i same periode.[10]

I 1881 vart Tayasir skildra som ein liten landsby i ein avsidesliggande og frodig dal, med god jord og dyrkbar mark. Sør for landsbyen var det eit gammalt oliventre. Landsbybuarane dyrka jorda like aust til Wady Maleh, og hadde òg god jord nær Yarza.[11]

I 1900 fekk godseigaren Hassan Hamad tak i det meste av landområdet til Tayasir, fordi dei skulda han mykje pengar. Tretti år seinare vart landområdet kjøpt av al-Batriyarkia al-Latinyah. Israel prøvde å kjøpe området etter dei erobra Vestbreidda i 1967, men patriarkatet avslo tilbodet deira.[3]

Etter Osloavtalen i 1993 kom Tayasir under Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) og vart seinare ein landsbykommune i 1997.[3]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 208
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 106.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Tayasir Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.
  4. Dauphin, 1998, s. 791
  5. Bordeaux Pilgrim, 1887, s. 18, Appendix VI
  6. le Strange, 1890, s. 540
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
  8. Wilson, 1869, s. 70
  9. Conder og Kitchener, 1882, s. 245 (ill.), 246, picture
  10. Guerin, 1875, s. 355 ff
  11. Conder og Kitchener, 1882, s. 228

Bakgrunnsstoff endre