Tazbukta
Tazbukta eller Tazestuaret (russisk Тазовская губа, Tazovskaja guba) er ei lang bukta danna av elva Taz. Estuaret er om lag 250 km langt og startar ved byen Tazovskij og endar i Obbukta, som endar ut mot Karahavet. Estuaret er om lag 25 km breitt og er eit av dei største estuara i verda.
Tazbukta | |||
bukt | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Karahavet | ||
Tazbukta 69°05′00″N 75°45′00″E / 69.0833°N 75.75°E |
Estuaret startar ved munningen av Taz og elva Pur og strekkjer seg om lag frå nord til sør, før det snur vestover og opnar seg opp før ho endar ved Obbukta.
Det russiske energiselskapet Gazprom ønskjer å utvide gassproduksjonen i Tazestuar-området, der det skal eksistere enorme mengder gass.
Den russiske biologen og utforskaren Alexander von Middendorff fann ein frosen mammut nær Tazestuaret. Mammuten vart transportert til St. Petersburg i 1866.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Taz Estuary» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- T. Armstrong, In Search of a Sea Route to Siberia, 1553-1619.
- Erki Tammiksaar & Ian R. Stone, Alexander von Middendorff og his expedition to Siberia (1842–1845)
- Gassproduksjon Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine.
- Største estuar i verda
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: