Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) er eit nynorsk institusjonsteater i Førde og eit regionteater med turnéverksemd i Vestland fylke. Teateret vart etablert i 1977, og var fram til 1980 allmøtestyrt og underlagt Riksteatret.

Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Norge skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarisk kvalitet.

Teateret nyttar nynorsk som målform og vestnorsk som scenespråk, og var det andre nynorskteateret som vart etablert i Norge.

Om teateret endre

Teater Vestland er både eit produserande teater og eit turnéteater. Den første premieren på teatret var «Dei siste maksveringar» av Rolf Losnegård 28. oktober 1977.

Teateret produserer 5-7 premierer årleg, som har 15-25 framsyningar per produksjon, i tillegg til gjestespel og samarbeidsproduksjonar. Årleg vert det presentert over 250 framsyningar og arrangement i regi av Teater Vestland. Dei siste åra har Teater Vestland hatt eit årleg besøkstal på ca 18.000. Sidan oppstarten har teateret sendt over 270 (per 2019) eigenproduksjonar ut på turné.

Teateret har 20 fast tilsette per 2019, fordelt på 29 årsverk. Av desse er det 2 fast tilsette skodespelarar. I tillegg engasjerer teateret rundt 80-100 frilansarar i året på dei ulike produksjonane.

Teater Vestland er eit aksjeselskap. Eigarane er Vestland Fylkeskommune (80%) og vertskommunen Sunnfjord Kommune (20%), og har staten som største tilskotsytar.

Historie endre

I starten var Teater Vestland (tidligare Sogn og Fjordane Teater) sine kontor og systove lokaliserte i Prestegarden i Førde, med prøvelokale og verkstader i Førdehuset. I 1979 vart heile teateret lokalisert i Førdehuset. I 1997 fekk teateret eit eige påbygg i Førdehuset, med kontor, teaterscene, prøvesal og verkstader. Prestegarden vert framleis nytta av teateret som bustad for engasjerte skodespelarar.

I Førdehuset har Teater Vestland ein teatersal, med plass til 125 personar. I 2016 bygde teateret om prøvesalen i Førdehuset til eit Eventyrrom for dei minste, med plass til 70 stk.

Frå 1982 til 2001 hadde teateret også ei flytande teaterscene, Teaterbåten Innvik, som reiste til kystdistrikta på Vestlandet. Første turnéen med den ombygde ferja M/S «Innvik» var i 1982 med komedien Splint av Norvald Tveit.

Teater Vestland er kunstnarleg ansvarleg og samarbeidspartnar for det historiske sogespelet Kinnaspelet – Songen om det store djup, som hadde premiere i 1985. Dette er det nest eldste friluftsteateret i Noreg, og vert spelt årleg på Kinn i Flora.

Teater Vestland hadde eit eige ungdomsteater i perioden 2001-2005, med eigen amatørteaterkonsulent tilsett.

Turnéverksemd endre

Teater Vestland legg vekt på å nå flest mogleg av innbyggjarane i Vestland gjennom å turnere med framsyningane. I over 40 år har teateret besøkt kulturhus, idrettshallar, kyrkjer, bygdehus, skular og barnehagar i fylkets 26 kommunar. Teateret har årleg ca 60-70 ulike spelelokale fordelt på rundt i fylket, samt at teateret har gjesta både, Møre og Romsdal, Rogaland og Oslo.

Når teateret gjestar kulturhus ,riggar ein på scena som er der, medan det vert rigga til amfi for 140 personar i tillegg til scena når ein spelar i idrettshallar. Framsyningane vert stort sett synte ein gong per spelestad, før teateret reiser vidare og spelar på ein ny stad dagen etter. Kvar turné varer i 3-6 veker. Teateret har årleg 140-180 turnédøgn og legg i løpet av eit turnéår bak seg heile ca 4-5000 kilometer (som svarar til strekninga Førde - Paris tur-retur.)

I 2016 fekk teateret på plass ein turnévenleg «blacbox» med plass til 50-70 personar, som gjev publikum ei meir intim teateroppleving.

Repertoar endre

Teater Vestland har som målsetting å spele ny norsk dramatikk, framsyningar med historier frå regionen, klassikarar og aktuell europeisk samtidsdramatikk. Teateret presenterer nynorske tekstar på vestnorske dialektar.

Årleg produserer teateret rundt 5-7 eigenproduksjonar. I tillegg kjem gjestespel og samarbeidsprosjekt. Teateret har samarbeidd med Det Norske Teatret, Den Nationale Scene, Riksteatret, Hordaland Teater og Haugesund Teater.

Med Eventyrrommet har også tilbodet til dei yngste auka.

Sidan 2016 har teateret samarbeidd med barn og ungdom på ulike produksjonar. «Julekrybba» var eit samarbeid med ulike kulturskular i Sunnfjord og Florø, «Ung 2016» med 6 ungdomsskular i heile fylket, Firda vidaregåande skuleSandane med heilårsprosjektet «Nasjonal prøve».

Prisar og utmerkingar endre

Antirasismeprisen 2005 frå Årdal kjemiske arbeidarlag for produksjonen «Saman skal vi leve».

Heddaprisen 2006 for særleg fagleg innsats for researchbasert teamarbeid og produksjon av «Saman skal vi leve»

Håndtrykket 2007 frå Norske Dramatikeres forbund for innsatsen for ny, norsk dramatikk.

Heddaprisen 2010 for særleg kunstnarleg innsats

Skodespelar Reidun Melvær Berge var nominert til Heddaprisen i kategorien beste kvinnelege skodespelar for rolla som Vibecke i «Alt det lyse og alt det mørke» i 2019.

Framsyninga «Engelen frå Kobane», som var ein samproduksjon med Hordaland Teater, var nominert i kategorien beste framsyning for ungdom i 2019.

Teatersjefar endre

Kjelder endre