Teaterbåten

(Omdirigert frå Teaterbåten Innvik)

Teaterbåten var ein båt som tidlegare blei brukt til fremføring av teaterførestillingar i kystdistrikta på Vestlandet. Idéen om ein teaterbåt oppstod ved Sogn og Fjordane Teater, eit underbruk av Riksteateret.

For den amerikanske musikalen Teaterbåten frå 1927, sjå Show Boat

Teaterbåten blei ein realitet i 1982 medan Anne Gullestad var teatersjef. Ei tidlegare bilferje, MS «Innvik», fekk æra av å bli Noregs første teaterbåt. Båten blei ombygd til teaterbåt for bruk i fjordbygdene på Vestlandet med hovudscene og plass til 150-200 tilskodarar. I Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var teaterbåten ein suksess.

Båten blei eigd av lutlaget Den norske Kulturbåten i Bergen. Reiarlaget Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane hadde driftsansvaret. Kong Olav deltok ved innviinga av den fullt utbygde teaterbåten i 1991. Teaterbåten var som arena et godt supplement og alternativ til samfunnshus og gymnastikksalar. Båten var i drift på Vestlandet fram til 2001.

I slutten av april 2001 blei båten kjøpt av Nordic Black Theatre i Oslo og lagt til kai for godt. Alle sertifikat for sjøtrafikk var utgått og hovudmotoren var i tvilsam forfatning. MS «Innvik» låg i Bjørvika og vart driven (2008) som kombinert teaterbåt og bed and breakfast-hotell sommarstid.