Tektekfjella (tyrkisk Tektek Dağlari og Tektek Dagh) er ei fjellkjede aust for Şanlıurfa (Urfa, tidlegare Edessa) søraust i Tyrkia nær grensa til Syria.[1][2][3]

Tektekfjella
fjellkjede
Land  Tyrkia
Kart
Tektekfjella
36°57′N 39°27′E / 36.95°N 39.45°E / 36.95; 39.45

Tektekfjella er kjend for dei mange vardane på kvar fjelltopp i fjella.[1] Det ligg òg minst to stader frå antikken her: Karahan Tepe og Sumatar Harabesi.

Tektekfjella ligg langs nordsida av Urfa-Harran-sletta mellom kjeldene til Tigris og Eufrat.[4][5] Det høgaste punktet er 801 meter over havet.[4] Şebekefjella i vest dannar ei rekkje i lag med Tektek og Susuzfjella. Viranşehirsletta, som dekkjer eit område på 1 200 km², ligg mellom Tektek og Karacadağfjella.[4]

Fjella består av kalkstein frå eosen og miosen og dalane vart danna i dei fuktige klimatilhøva i mellomistidene. Det finst ikkje noko basalt her. Tektekfjella manglar skog, utanom heilt i nordvest, der det veks pistasjetre.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Facaros and Pauls, 2000, s. 500.
  2. Ross, 2001, s. 24.
  3. 3,0 3,1 Bahattin Çelik (University of Harran) (2000). «A New Early-Neolithic Settlement: Karahan Tepe» (PDF). NEO-LITHICS: A newsletter of Southwest Asian Lithics Research (2-3): 6–8. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Ercoskun Pakize (2007). «Settlement Pattern in Southeast Anatolia: An analysis of the structures at the site of Nevalı Çori» (PDF). Henta 8. august 2012. 
  5. Newspaper Enterprise Association, 1903, s. 277.