Telthus er nemninga på eit militært lagerhus for lokale avdelingar i mobiliseringshæren. Telthusa, som er knytte til hærordninga av 1628, var som oftast plassert på sentrale plassar i bygda, og låg difor vanlegvis attmed kyrkja. I Oslo har ei gate, Telthusbakken, fått namn etter eit telthus som låg attmed Gamle Aker kyrkje.

Telthus frå Terningmoen, no på Glomdalsmuseet i Elverum.

Telthusa vart mykje like kvarandre. Dei var bygde i tre og hadde likskap med den bygningstypen som vert kalla stabbur, men var i to høgder. Mange telthus er teke vare på og plassert på museum, mellom anna på MaihaugenLillehammer og Glomdalsmuseet i Elverum.