59°55′24.506″N 10°44′56.267″E / 59.92347389°N 10.74896306°E / 59.92347389; 10.74896306

Telthusbakken og Gamle Aker kyrkje måla av Edvard Munch i 1880
Øvre parten av Telthusbakken
Foto: Hans A. Rosbach

Telthusbakken er namnet på ei gate i St. Hanshaugen bydel i Oslo. Gata går i aust-vestretning i sterk stigning opp frå Maridalsveien til kryss med gata Akersbakken oppe på høgda i nærleiken av Gamle Aker kyrkje, og har namn etter eit telthus (ei vanleg, gamal nemning på eit militært lagerbygg) som låg attmed Gamle Aker kyrkje på 1700-talet. Gata er smal, og vert berre nytta som fotgangargate og for køyring til eigedomane i stroket.

Telthusbakken ligg i eit område som før i tida låg i Bymarka, utmarka kring Christiania (Oslo), og vart innlemma i byen i 1859. Her kunne det byggjast i si tid utan å ta omsyn til dei byggjeføresegnene som galdt for byen. Mange fattige familiar fann difor byggjegrunn her, og sette opp småhus i tre. Dette pregar gata i dag òg, ved at det på nordsida av gata ligg ei rad småhus i tre og mur, som trass at dei er bygd om til moderne bustandard og utgjer eit idyllisk innslag i bybiletet, minnar om dei vilkåra store, fattige familiar levde under i tidlegare tider. På det hellande arealet på sørsida av gata ligg det ein stor kolonihage (parsellhage).

Kunstmålaren Edvard Munch, som budde i eit husvære i Fossveien 7 på Grünerløkka i Oslo i ungdomstida, hadde utsyn til Telthusbakken, og måla i 1877–1882 fleire akvarellar og oljemåleri med dette stroket som motiv.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Telthusbakken