Paul Williams (1940-2019)

britisk songar

Paul Williams (5. september 1940 som Paul Nigel Vincent Yarlett1. mars 2019) var ein engelsk blues- og rockesongar og musikar.[1][2]

Paul Williams
Fødd5. september 1940
Død1. mars 2019 (78 år)
FødenamnPaul Nigel Vincent Yarlett
OpphavEngland
Aktiv1963–2018
SjangerRock, blues, R&B, jazzrock
InstrumentVokal, bass, klaverinstrument, perkusjon, munnspel
Tilknytte artistarZoot Money, John Mayall, Aynsley Dunbar, Juicy Lucy, Tempest, Allan Holdsworth, Micky Moody, Blue Thunder
Verka somSongar, musikar

KarriereEndra

Tidleg i karrieren sin vart han medlem av Zoot Money's Big Roll Band på bass og vokal, i lag med gitaristen Andy Summers.[3] Han erstatta så John McVie i John Mayall & the Bluesbreakers, samstundes som han spelte med Aynsley Dunbar og Dick Heckstall-Smith. I 1970 vart han med i bandet Juicy Lucy som solovokalist og spelte inn albumet Lie Back and Enjoy It. Dette bandet inkluderte den framtidige Whitesnake-gitaristen Micky Moody og var med i filmen Bread i 1971.[4] Williams spelte seinare med Moody på albumet Smokestacks, Broomdusters and Hoochie Coochie Men i 2002.

I 1973 vart han med det progressive rockebandet Tempest, leia av Jon Hiseman på trommer med Mark Clarke på bass og Allan Holdsworth på gitar. Sidan flytta han til USA og vart med i gruppa til Holdsworth kalla I.O.U., som spelte inn tre kritikarroste album, I.O.U., Road Games and Metal Fatigue.

I nyare tid har han spelt med Blue Thunder i lag med David Hentschel.

DiskografiEndra

Som leiar eller medleiarEndra

  • Delta Blues Singer (1973)
  • In Memory of Robert Johnson (1973)
  • Blues and Beyond med Blue Thunder (1998)
  • Smokestacks, Broomdusters and Hoochie Coochie Men (2002) med Micky Moody

Med andre artistarEndra

Med Zoot Money

  • The All Happening Zoot Money's Big Roll Band at Klooks Kleek (1966)

Med John Mayall

Med Aynsley Dunbar

  • Blue Whale (1971)

Med Juicy Lucy

Med Dick Heckstall-Smith

  • A Story Ended (1972)
  • Blues and Beyond (2001)

Med Tempest

  • Tempest (1973)
  • Under the Blossom: The Anthology (2005)

Med Allan Holdsworth

KjelderEndra

  1. «Paul Williams». AllMusic. Henta 7. januar 2021. 
  2. «Paul Williams Passed Away». DMME. Henta 7. januar 2021. 
  3. «Biography». paulwilliams-uk.com. Arkivert frå originalen 1. juni 2019. Henta 7. januar 2021. 
  4. «Juicy Lucy (Live in the 1971 film Bread. Henta 3. juni 2018. 

BakgrunnsstoffEndra