Tendring, småjekt, eller storbåt, er mindre føringsbåtar med akterspegel. Dei har omlag same form som ei lita jekt, men dei er mindre enn vanleg jektestorleik (5 til 6 lestar[1]), og vart mest nytta over korte distansar[2][1]. Dei er kjende frå Hålogaland, der dei mellom anna vart nytta for å frakta ved[2]. Namnet kjem av tiæring (norrønt teinæringr), ettersom dei hadde 10 par årar[1]. Etter som dei kunne roast var dei meir fleksible enn jektene, som var avhengige av seglingsvind. Grensa mellom jekt og tendring var nok litt diffus, og det er ikkje opplagt om små jekter, som til dømes Bakkejekta, bør reknast som jekt eller tendring. At tendringen ofte vart kalla «storbåt» er ei kjelde til forvirring, ettersom åttringar og fembøringar òg vart kalla «storbåt».

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.
  2. 2,0 2,1 A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV, Grøndahk & søn AS, 1983.