Åttring
Ein åttring er opphavleg ein open, spissgatta robåt med fire par årar, og oftast òg med råsegl[1][2]. I denne tydinga har namnet åttring same tyding som fyring. Åttringar var vanlege langs heile kysten frå Sørvestlandet til Finnmark. I samband med åfjordsbåtar og nordlandsbåtar har åttringar sidan tidleg på 1800-talet oftast hatt fem par årar og vart då kalla «femrøring»[1].