Tennessee Ernie Ford
Tennessee Ernie Ford (fødd 13. februar 1919 som Ernest Jennings Ford, daud 17. oktober 1991) var ein amerikansk songar, skodespelar og programleiar. Han framførte songar innnan country, western, pop og gospelmusikk, og er særleg kjend for sine versjonar av «The Shotgun Boogie» og «Sixteen Tons». Han var også programleiar for TV-programmet College of Musical Knowledge og spelte i tv-serien I Love Lucy.
Tennessee Ernie Ford | |
Verkeleg namn | Ernest Jennings Ford |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. februar 1919 Bristol |
Død |
17. oktober 1991 (72 år) |
Yrke | songar, programleiar, skodespelar, stemmeskodespelar, fjernsynsskodespelar, radioprogramleiar, plateartist |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det republikanske partiet |
Far | Clarence Thomas Ford |
Mor | Maud Long |
Nettstad | http://www.ernieford.com/ |
Tennessee Ernie Ford på Commons |
På 50-talet utgav Tennessee Ernie Ford ut over 50 singlar.[1] I 1990 blei han innlemma i Country Music Hall of Fame[2] og i 1994 i Gospel Music Hall of Fame.[3]
Kjelder
endre- ↑ Ernieford.com Discography.Singles, arkivert frå originalen 4. september 2015, henta 25. februar 2018
- ↑ «Tennessee Ernie Ford». Country Music Hall of Fame. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 15. november 2015.
- ↑ Gospel Music Hall of Fame: Inductees Archive
- Denne artikkelen bygger på «Tennessee Ernie Ford» frå Wikipedia på bokmål, og «Tennessee Ernie Ford» frå Wikipedia på engelsk den 25. februar 2018.