Opna hovudmenyen

«Sixteen Tons» er ein song om ein kolgruvearbeidar, basert på livet i kolgruvene i Muhlenberg County i Kentucky.[1] Han vart skriven og først spelt inn av Merle Travis i Radio Recorders Studio B i Hollywood i California den 8. august 1946. Cliffie Stone spelte bass på innspelinga.[2] Det var den første utgjevinga til Capitol på albumet Folk Songs of the Hills (juli 1947).[3] Singelen selde til gullplate.

Linja «You load sixteen tons and what do you get? Another day older and deeper in debt,» kom frå eit brev skriven av broren til Travis, John.[1] Ei anna linje kom frå faren deira, som var gruvearbeidar, som sa «I can't afford to die. I owe my soul to the company store.»[4]

Ein versjon frå 1955 vart spelt inn av Tennessee Ernie Ford og gjekk til topps på Billboard-lista,[5] medan ein annan versjon av Frankie Laine berre vart gjeven ut i Vest-Europa, der han gav konkurranse til versjonen til Ford.

25. mars 2015 vart det annonsert at Ford-versjonen skulle innlemmast i Library of Congress's National Recording Registry.[6]

Innhaldsliste

ForfattarskapEndra

«Sixteen Tons» er berre tilskriven Merle Travis på alle innselingar[5] og er registrert i BMI som ein Merle Travis-komposisjon. George S. Davis, ein visesongar og låtskrivar som hadde arbeidd i gruvene i Kentucky, hevda på ei innspeling for Folkways Records i 1966 å ha skrive songen som «Nine-to-ten tons» i 1930-åra. [7] Han hevda òg forskjellige gonger å ha skrive songen som «Twenty-One Tons». Det finst ikkje bevis for påstanden til Davis.[8]

Andre versjonarEndra

Tennessee Ernie Ford spelte inn «Sixteen Tons» i 1955 som B-sida til sin versjon av Moon Mullican-songen «You Don't Have to Be a Baby to Cry». Med knipsinga til Ford og eit unikt klarinettbasert poparrangement, vart han raskt ein millionseljar.[5] Songen gjekk til topps på Billboard country-lista i november og låg der i ti veker, før han gjekk over til poplista og låg på toppen av den lista i åtte veker,[9] og slo den konkurrerande versjonen til Johnny Desmond. I Storbritannia konkurrerte versjonen til Ford med versjonar av Edmund Hockridge og Frankie Laine. Likevel vart Ford-versjonen meir suksessrik og låg fire veker på toppen av UK Singles Chart i januar og februar 1956.[10][11]

Laine-versjonen vart ikkje gjeven ut i USA, men selde godt i Storbritannia. Ford-versjonen kom ut 17. oktober og hadde seld to millionar eksemplar innan 15. desember same året.[12]

Songen er blitt spelt inn på plate eller framført på konsert av mange musikarar:

Andre språkEndra

  • Armand Mestral gav ut ein fransk versjon kalla «Seize tonnes» i 1956.
  • Ein tysk versjon av songen kalla «Sie hieß Mary-Ann» vart gjeven ut av fleire artistar i 1956 og 1957, mellom andre av Ralf Bendix og Freddy Quinn.
  • Ein spansk versjon, «16 Toneladas», vart spelt inn av den katalanske songaren José Guardiola og vart ein hit i Spania og Latin-Amerika i 1960.[22]
  • Ein italiensk versjon av I Giganti frå 1968.
  • Den brasilianske komponisten Roberto Neves skreiv ein portugisisk versjon, «Dezesseis Toneladas», først spelt inn av Noriel Vilela i 1971.[23][24]
  • Adriano Celentano gav ut ein italienskspråkleg versjon, «L'ascensore» i 1986.
  • Ein versjon kalla «靜心等» (Jìng Xin Deng) er ein kjend hit i Taiwan, tolka av den kinesiske songaren Zhang Lu og av Teresa Teng.
  • Det ungarske bandet Republic spelte inn ein versjon i 1998 kalla «Tizenhat tonna feketeszén» på albumet Üzenet.[25][26]
  • Finske Turo's Hevi Gee gav ut ein versjon på albumet Ei se mitn! kalla «Velkavankilaulu» i 1999.
  • Det serbiske hardrockbandet Riblja Čorba gav ut ein versjon i 1999 kalla «16 noći» på albumet Nojeva barka.
  • Den ukraniske visegruppa Ot Vinta! gav ut ein versjon på ukrainsk i 2013.[27][28]
  • Ei mexicansk gruppe, Hermanos Barron frå Monterrey spelte inn songen i 1980-åra som «16 Toneladas».[29]
  • Ein svensk versjon («Sexton ton») vart spelt inn i 1956 av Cacka Israelsson og gjeven ut som B-sida til singelen «Tro och Kärlek». Han vart omsett til svensk av Ingrid Reuterskiöld.
  • Ein annan svensk versjon («Sexton ton») vart spelt inn i 1970 av Gunnar Wiklund.

I populærkulturenEndra

  • John Denver spelte ein golf-parodi av songen kalla «18 Holes» i 1997.[30]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Sixteen Tons». Ernieford.com. 29. juli 1956. Henta 11. juli 2017. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen May 19, 2015. Henta 11. juli 2017. 
  3. «Advance Record Releases». Billboard. June 28, 1947. s. 119. 
  4. «You Load 16 Tons... Coal Mine Song Is a Gold Mine». LIFE. December 5, 1955. s. 183. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Merle Travis & Ernie Ford intervjua på Pop Chronicles (1969)
  6. «National Recording Registry To «Ac-Cent-Tchu-Ate the Positive»». the Library of Congress. 25. mars 2015. Henta 25. mars 2015. 
  7. John Cohen, liner notes to the album George Davis: When Kentucky Had No Mining Men (Folkways FA 2343, 1967)
  8. https://www.steynonline.com/4434/sixteen-tons
  9. Collins, Ace (1996). The Stories Behind Country Music's All-time Greatest: 100 Songs. New York: The Berkeley Publishing Group. s. 91–93. ISBN 1-57297-072-3. 
  10. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 23. ISBN 0-85112-250-7. 
  11. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 54–5. ISBN 1-904994-10-5. 
  12. J.D. (6. oktober 2008). «River of No Return». The Pop History Dig. Henta 11. juli 2017. 
  13. Gilliland, John (1969). «Show 18 - Blowin' in the Wind: Pop discovers folk music. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  14. «Bo Diddley Is a Gunslinger: Music». Amazon.com. Henta 11. juli 2017. 
  15. «James & Bobby Purify, «I Take What I Want» Single Release». Henta 11. juli 2017. 
  16. «Music: Top 100 Songs | Billboard Hot 100 Chart». Billboard. Henta 28. april 2016. 
  17. «Dance Party With This Bike Is A Pipe Bomb». Amazon.com. 7. juni 2006. Henta 11. juli 2017. 
  18. MDQ Merchandising LLC (2010). «Song List» and «Performing Credits». In Million Dollar Quartet (p. 5) [CD booklet]. New York City: Avatar Studios; and Chicago: Chicago Recording Company
  19. «Home - Tom Morello: The Nightwatchman». Nightwatchmanmusic.com. 1. mai 2013. Henta 11. juli 2017. 
  20. «Sixteen Tons : Tim Timebomb and Friends». Timtimebomb.com. 23. november 2012. Henta 11. juli 2017. 
  21. «ZZ Top Concert Setlists». Setlist.fm. Henta 11. juli 2017. 
  22. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st ed.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
  23. Mugnaini Jr.. Enciclopédia das músicas sertanejas (2001, ISBN 8575270044), p. 42
  24. «16 Toneladas (Sixteen Tons) - Noriel Vilela - Details». Musical Taste. 31. mars 2003. Henta 11. juli 2017. 
  25. «Allmusic Hungary a magyar zene adatbázisa». Allmusic.hu. Henta 11. juli 2017. 
  26. VideoYouTube
  27. VideoYouTube
  28. «Ot Vinta. Офіційний сайт». Ot-vinta.com. Henta 11. juli 2017. 
  29. «Los Hermanos Barron-16 Toneladas». YouTube. 4. august 2008. Henta 11. juli 2017. 
  30. VideoYouTube