Terese Pedersen (fødd 27. april 1980), gift Hosking, er ein norsk tidlegare handballspelar frå Sandefjord som vart europameister tre gongar på rad i tida 2004-08, og elles fekk både VM-sølv og VM-bronse. Ho var målvakt på ei rad handballag i inn- og utland.

Terese Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1980 (43 år)
Sandefjord kommune
Yrke handballspelar
Høgd 183 centimeter

Pedersen spelte på Sandar IL til 1999, Larvik HK 1999-2001, IL Runar 2001-0?, Tertnes IL 200?-06, danske Randers HK 2007-09, Hypo Niederösterreich 2009-11 og på Byåsen IL 2011-14.

Pedersen debuterte på landslaget 3. august 2004 mot Sverige. I åra fram til 2009 var ho med i alle tre europameisterskapane og ditto verdsmeisterskap, ofte utan å få særleg mykje speletid. Ho sat på tribunen i begge EM-finalane 2004 og -06, men deltok i VM-finalen 2007. Til Sommar-OL 2008 i Beijing reiste ho som reserve, då heile den norske handballtroppen bestod av einast 12 spelar. Under EM 2008 i Makedonia i desember same året spelte ho så godt at ho fekk rolla som andremålvakt, og tok del i finalen saman med målvaktskollega Katrine Lunde. Pedersen fekk 15. desember 2009 notert sin 82. og siste landskamp, då Noreg slo Spania i bronsekampen i VM.

Merittar endre

Kjelder endre