Tereza Montsjeva Marinova (fødd 5. september 1977) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Pleven som i 2000 vart olympisk meister i tresteghopp.

Tereza Marinova
Verkeleg namn Тереза Мончева Маринова
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 5. september 1977 (46 år)
Pleven
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Marinova vann trestegtevlinga i junior-VM 1996 med eit hopp på 14,62 m. Etter sjetteplass i verdsmeisterskapen 1997 i Aten, lukkast ho å sikre seg bronsemedaljen under europameisterskapen i Budapest året etter.

I OL-finalen i tresteg i Sydney hausten 2000 smelte Marinova til med sitt livs beste tresteghopp, eit hopp som målte 15,20 m og gav henne gullmedaljen med ein margin på 20 og 22 centimeter til dei andre medaljevinnarane. Eit halvår seinare vann Marinova tresteg også under innandørs-VM 2001 i Lisboa, målt til 14,91 m som best. På seinsommaren i 2001 vann ho bronsemedaljen då friidretts-VM fann stad i Edmonton i Canada. I sitt siste store internasjonale meisterskap, Göteborg-EM 2006, vart ho nummer seks i trestegfinalen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre