Skeise-VM 1981 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1981 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Grenoble i Frankrike laurdag 21. og sundag 22. februar. Meisterskapen var den tolvte i sprint-firkamp. 65 utøvarar, 34 karar og 31 kvinner, deltok i meisterskapen.

Frode Rønning frå Noreg vart verdsmeister, som den andre norske sprint-verdsmeisteren etter Per Bjørang. Rønning var bestemann på begge 500-meterane. Sovjetiske Sergej Khlebnikov sigra på den fyrste 1000-meteren, kanadiske Gaétan Boucher på den andre. Karin Enke frå Aust-Tyskland vart verdsmeister for andre gong i rad, ho vann òg den siste 1000-meteren. Sovjetiske Tatjana Tarasova vann begge løpa om laurdagen, sundagen vann landskvinna Natalja Petrusjova 500-meteren.

Verdsmeisterskapen 1981 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Frode Rønning   Noreg 153,700
  Sergej Khlebnikov   Sovjetunionen 154,100
  Anatolij Medennikov   Sovjetunionen 155,195
4 Terje Andersen   Noreg 155,415
5 Vladimir Lobanov   Sovjetunionen 155,795
6 Akira Kuroiwa   Japan 156,090
7 Hilbert van der Duim   Nederland 156,410
8 Andreas Dietel   Aust-Tyskland 156,835
9 Jacques Thibault   Canada 157,330
10 Johan Granath   Sverige
Ivar Sletsjøe   Noreg 157,735
12 Jukka Salmela   Finland 157,845
13 Erik Henriksen   USA 157,985
14 Jan Jozwik   Polen 158,020
15 Lieuwe de Boer   Nederland 158,035

Dato: 21./22. februar

Verdsmeisterskapen 1981 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Karin Enke   Aust-Tyskland 168,640
  Tatjana Tarasova   Sovjetunionen 168,785
  Natalja Petrusjova   Sovjetunionen 169,215
4 Christa Rothenburger   Aust-Tyskland 170,470
5 Monika Pflug   Vest-Tyskland 170,755
6 Ljubov Masjkovtseva   Sovjetunionen 171,280
7 Sheila Young   USA 171,985
8 Skadi Walter   Aust-Tyskland 173,045
9 Alie Boorsma   Nederland 173,365
10 Annette Karlsson   Sverige 173,635
11 Seiko Hashimoto   Japan 174,580
12 Erwina Ryś-Ferens   Polen 174,640
13 Bjørg Eva Jensen   Noreg 174,800

Dato: 21./22. februar

Kjelder

endre