Terje Knudsen
norsk politikar
Terje Knudsen (fødd 6. mars 1942 i Bergen) er ein norsk politikar. Han vart vald inn på Stortinget for Framstegspartiet i 1997, og sat der fram til 2001. Han gjekk likevel ut av Frp i 2001 etter den interne strida mellom partileiinga og ei gruppe med Vidar Kleppe i spissen. Han sat som uavhengig representant ut perioden på Stortinget.
Terje Knudsen | |||
Fødd | 6. mars 1942 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 20. november 2017 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet, Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Knudsen har i fleire år vore lokalpolitikar i Bergen og Hordaland, både som Høgre-politikar på 1980-talet, og som Frp-representant på 1990-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Terje Knudsen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2017.