Vidar Kleppe

norsk politikar

Vidar Sveinung Kleppe (fødd 16. september 1963 i Bergen) er ein norsk politikar som var ein sentral politikar for Framstegspartiet fram til 2001. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder 1989–1993 og 1997–2001 og 2. nestformann i Framstegspartiet 1995–1999. Han vart i 2001 suspendert frå Framstegspartiet etter å ha vorte skulda av Carl I. Hagen for å vera ein «edderkopp», og melde seg då ut. Han var leiar for Demokratane frå 2002 til 2012.[1] Han er no medlem av Vest-Agder fylkesting og Kristiansand bystyre.

Vidar Kleppe
Fødd16. september 1963 (60 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (2001), Demokratane (24. august 2002; 20. mars 2023)
Yrkepolitikar
Alle verv

Kleppe er busett i Vågsbygd i Kristiansand kommune.

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Kleppe er utdanna mekanikar ved Maskin- og mekanikarskule i 1981.

Han reiste i utanriks sjøfart 1981–1982, og var deretter industriarbeid i Kristiansand 1982–1987. Han var sjølvstendig næringsdrivande 1987–1989. Han var tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Politisk karriere endre

Kleppe starta den politiske karrieren sin på 1980-talet då han var medlem av Kristiansand formannskap og bystyre i periodane 1987–1991, 1995–1997 og 2003–2007. Han var medlem av Vest-Agder fylkesting 1995–1997 og 2003–2011. Han byrja sin rikspolitiske karriere då han vart innvald på Stortinget i 1989. Han markerte seg på 1990-talet som ein restriktiv innvandringspolitikar både i Frp og i norsk politikk.

Kleppe vart suspendert frå Frp i mars 2001. Carl I. Hagen var overtydd om at Kleppe hadde ambisjonar om å verta etterfølgjaren hans.[2] Han melde likevel seg ut av partiet same år. Etter ein snartur innom Det Liberale Folkepartiet stifta han i 2002 partiet Demokratane, som han var leiar for i perioden mellom 2002 og 2012.

Kleppe var ein av Stortingets mest markante politikarar på 1990-talet. Han var hovedarkitekten bak at Stortinget vedtok lik krigsinvalidepensjon, uavhengig av om den pensjonerte hadde vore dekksgutt eller kaptein i krigsåra 1939–1945. Kleppes framlegg om fangeerstatning (100 000 kroner) til norske fangar i japansk-kontrollerte område under den andre verdskrigen, fekk full tilslutting av Stortinget.

Vidar Kleppe er son av direktøren Erling Kleppe (1941–1989) og husmora Harriet Kleppe (fødd Uthaug: 1944–2018). Kleppe er gift med Elin Dyrstad Kleppe og har tre born.

Stortingsperiodar endre

Medlemskap i presidentskapet endre

  • 1989–1993: sekretær i Lagtinget frå 10. oktober 1989.

Medlemskap i stortingskomitear endre

Medlemskap i delegasjonar endre

  • 1997–2001: varamedlem i Konsultasjonsorganet for EØS-sakar i EØS-utvalet frå 4. november 1997.

Medlemskap i gruppestyre endre

Utdanning og yrke endre

  • Maskin- og mekanikarskule 1980–1981.
  • Utanriks sjøfart 1981–1982.
  • Industriarbeid i Kristiansand 1982–1987.
  • Næringsdrivande 1987–1989.
  • Tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Kommunal- og fylkespolitisk aktivitet endre

  • Fylkespolitisk aktivitet:
    • Medlem Vest-Agder fylkesting (1993–1997), (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015).
    • Leiar av Kontrollutvalet i Vest-Agder (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015).
    • Leiar av Lister Brukarutval i Vest-Agder (2010–2011).
    • Medlem av Fylkeseldrerådet i Vest-Agder (2007–2015).

Offentlege verv endre

  • Styremedlem i Kristiansand elektrisitetsverk 1985–1989 og nestleiar 1995–1997.
  • Medlem i Fiskerinemnda i Kristiansand 1987–1989.
  • Medlem av Overligningsnemnda i Kristiansand 1987–1989.
  • Styremedlem i styret for Vest-Agder sentralsjukehus 1987–1989.
  • Medlem i Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske styresmakter 1995–1997.

Tillitsverv i parti endre

  • Styremedlem i Kristiansand FpU 1982–1988.
  • Ei rekkje tillitsverv FpU på lokal- og fylkesplan 1982–1989.
  • Medlem Frps landsstyre 1989–1999.
  • Medlem Frps sentralstyre 1993–1999.
  • 2. nestformann Framstegspartiet 1995–1999.
  • Leiar for Demokratane 2002–2012.

Kjelder endre

  1. «Vidar Kleppe gir seg som Demokratene-leder» (på norsk bokmål). Stavanger Aftenblad. Henta 16. mars 2023. 
  2. «Kleppe kan bli kastet ut av Frp», www.vg.no (på norsk), henta 9. februar 2019 

Bakgrunnsstoff endre