Terje Kollbotn

norsk politikar

Terje Kollbotn (fødd 1. desember 1951) er ein fagforeiningsmann og Raudt-politikar frå Odda. Han har sete i kommunestyret i Odda sidan 1991, og har vore sentral i fagforeiningsmiljøa i Odda i 25 år. Han har mellom anna vore leiar for LO i Odda og omland og Odda Bygningsarbeidarforeining. Han har også vore leiar i Hardangeraksjonen mot EU, Hordaland RV og fagleg leiar i RV i Noreg. Kollbotn er i dag førstevara til fylkestinget og førstevara til Kultur- og ressursutvalet. Ved Stortingsvalet i 2013 er Kollbotn 3. kandidat for Raudt i Hordaland.

Terje Kollbotn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. desember 1951 (72 år)
Yrke politikar
Politisk parti Raud Valallianse, Raudt
Medlem av Raud Ungdom
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.