Tetovo
Tetovo (makedonsk Тетово; albansk Tetovë; tyrkisk Kalkandelen) er ein by og ein kommune i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tetovo, Sjipkovitsa og Dzjeptsjisjte.
Tetovo Тетово Tetovë Kalkandelen | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Polog | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 261,89 km² | ||
Flatevidd - By |
261,89 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
84 770 323,7/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 468 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1200 | ||
Telefon-retningsnummer | +389 044 | ||
Bilnummer | TE | ||
Heimeside: tetovo.gov.mk | |||
Plassering | |||
![]() |
Kommunen har eit areal på 261,89 km2 og hadde 84 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 86 580 innbyggjarar,[2] medan den tidlegare kommunen Tetovo hadde 70 841 og sjølve byen hadde 52 915 innbyggjarar.[3]
Byen ligg 468 meter over havet. Det ligg to universitet i byen, Statsuniversitetet Tetovo og det internasjonale Sørausteuropeiske universitetet.
Namn endre
Tetovo tyder «Teto sin stad» og myta skal ha det til at byen vart kalla opp etter den legendariske helten Teto, som visstnok rydda byen for slangar.
Geografi endre
Byen ligg ved foten av Šar Planina og er delt i to av elva Pena. Tetovo kommune har internasjonal grense til Kosovo i nord og vest og til dei nordmakedonske kommunane Teartse i nordaust, Jegunovtse i aust, Zjelino i søraust, Brvenitsa i sør og Bogovinje i sørvest.
Historie endre
Sjølv om det har vore innbyggjarar i området sidan bronsealderen, men sjølve Tetovo vart offisielt grunnlagd på 1300-talet som ein liten ortodoks busetnad rundt kyrkja Sveta Bogorodica. På slutten av 1300-talet kom byen inn under Det osmanske riket og det vart bygd moskéar, bad og marknader alt på byrjinga av 1400-talet. Tetovo vart eit viktig handelssenter for dei lokale bøndene og handverkarane og ein viktig militærfestning. Tyrkarane kalla byen Kalkandelen.
I 1912 under den første balkankrigen kom Tetovo inn under Serbia. Under den andre verdskrigen vart byen styrt av Italia og regimet deira i Albania.
Busetnader i kommunen endre
Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Tetovo | 52 915 |
Mala Retsjitsa | 8 353 |
Dzjeptsjisjte | 4 051 |
Golema Retsjitsa | 3 977 |
Poroj | 2 899 |
Sjipkovitsa | 2 826 |
Seltse | 2 538 |
Vesjala | 1 222 |
Brodets | 1 136 |
Vejtse | 1 127 |
Sarakjino | 1 087 |
Gajre | 1 020 |
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ Folketeljing 2002 justert for nye kommunegrenser 2004
- ↑ 3,0 3,1 Folketeljing 2002, detaljerte resultat
- Denne artikkelen bygger på «Tetovo» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.