Høylandet
(Omdirigert frå Tettstaden Høylandet)
Høylandet er ein tettstad og administrasjonssenteret i Høylandet kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved fylkesveg 17 (Kystriksvegen) vest for lakseelva Søråa og har 359 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Høylandet | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Høylandet | ||
Areal | 0,48 km² | ||
Folketal | 359 (2023) | ||
Folketettleik | 748 / km² | ||
Innbyggjarnamn | hålling | ||
Preposisjon | på Høylandet | ||
Høylandet 64°37′42″N 12°18′10″E / 64.628333333333°N 12.302777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Høylandet (village) |
På Høylandet er det kombinert barne- og ungdomsskole. Her ligg også Norsk Revyfaglig Senter, som kvart andre år arrangerer Norsk revyfestival. På Romstad om lag 2 km nord for tettstaden står Høylandet kyrkje, ei langkyrkje frå 1860.
Frå Høylandet tar fylkesveg 775 av til Gartland i Grong kommune, med vidare samband til E6 og Nordlandsbanen.
Sjå òg
endreKjelder
endre«Høylandet» i Store norske leksikon, snl.no. «Høylandet - tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.