Kongsberg

by i Noreg
(Omdirigert frå Tettstaden Kongsberg)

Kongsberg er ein by og administrasjonssenteret i Kongsberg kommune i Buskerud. Byen ligg langs Numedalslågen nedst i Numedal, og er ein gammal bergstad. Byen har 23 529 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Kongsberg
By
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Kongsberg
Areal 13,21 km²
Folketal 23 529  (2023)
Folketettleik 1 781 / km²
Innbyggjarnamn kongsbergensar
Preposisjon på/i Kongsberg
Kart
Kongsberg
59°40′25″N 9°38′53″E / 59.6737°N 9.6481°E / 59.6737; 9.6481
Wikimedia Commons: Kongsberg

Historie

endre

Kong Kristian IV grunnla byen Konningsberg og eit kongeleg sølvverk i 1624 etter at ein hadde funne sølv der. Det var visstnok barna Jacob Grosvold og Helga Værp som oppdaga sølvet ein sommardag dei var ute og geita eit år tidlegare. Til Kongsberg Sølvverk henta kongen tyskarar frå sølvgruvene i Sachsen og Harz. I tillegg kom det tyskarar frå andre gruver i Noreg.

Folketalet voks raskt, og Kongsberg var på eitt tidspunkt den nest største byen i Noreg etter Bergen. Innbyggjartalet både auka og minka i takt med ned- og oppgangstider i sølvverket.

Kongsberg hadde den første høgskulen i Noreg, som òg var den første i Europa innan bergverk. I dag har byen eit av dei 8 campusa som utgjer Universitetet i Søraust-Noreg i tillegg til videregående skular og grunnskular.

Kultur

endre

Kongsberg har mange festivalar, som til dømes Glogerfestspela. Kongsberg Jazzfestival har vore arrangert kvart år frå 1964. Musikkhuset EnergiMølla er Kongsberg si musikk- og kultur-scene. Her arrangerer fleire av kulturforeningane i byen førestillinger året rundt.

Folk frå Kongsberg

endre

Kjelder

endre
  1. «Salmedikter Svein Ellingsen er død». www.abcnyheter.no (på norsk). 5. april 2020. Henta 5. april 2020.