Stryn
(Omdirigert frå Tettstaden Stryn)
- For kommunen med same namn, sjå Stryn kommune.
Stryn er kommunesenteret i Stryn kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 2 662 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på nordsida ved inste delen av fjorden Nordfjord, ved utlaupet til Stryneelva. Sentrum i tettstaden heiter Tonning. På Tonning ligg mellom anna kommuneadministrasjonen, barneskulen Tonning skule, idrettsplass og Tonning møbelfabrikk.
Stryn | |||
tettstad | |||
Stryn
Foto: Sindre Jacobsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Areal | 2,01 km² | ||
Folketal | 2 662 (2023) | ||
Folketettleik | 1 324 / km² | ||
Postnummer | 6783 STRYN | ||
Innbyggjarnamn | stryning | ||
Preposisjon | i Stryn | ||
Stryn 61°54′09″N 6°43′04″E / 61.9025°N 6.71778°E | |||
Wikimedia Commons: Stryn (village) |
Riksveg 15 og Fylkesveg 60 (tidlegare Riksveg 60) møtest i Stryn, og det er ekspressbussamband til Oslo, Trondheim, Bergen og Ålesund.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling i Stryn | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1960 | 860 | |||
1970 | 1 046 | |||
1980 | 1 430 | |||
1990 | 1 689 | |||
2000 | 1 843 | |||
2009 | 2 177 | |||
2012 | 2 240 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |