Thank You Girl
av The Beatles
A-side

«From Me to You»

Språk engelsk
Utgjeve 11. april 1963 (UK)
27. mai 1963 (US)[1]
Innspelt 5. og 13. mars 1963
EMI Studios, London
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:01
Selskap Parlophone R 5015 (UK)
Vee-Jay 522 (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) McCartney–Lennon
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Please Please Me»
(1963)
Thank You Girl «She Loves You»
(1963)


«Thank You Girl» er ein song av The Beatles, skriven av John Lennon og Paul McCartney (Lennon–McCartney), og gjeven ut som B-side til singelen «From Me to You», som vart spelt inn same dagen (5. mars 1963). Songen kom ikkje ut på eit album i Storbritannia før Rarities i 1978, men kom ut som det andre sporet på The Beatles' Second Album i USA. Som B-side til singelen «Do You Want to Know a Secret», nådde han 35. plassen på Billboard Hot 100 våren 1964.

Bakgrunn endre

Songen heitte opphavleg «Thank You, Little Girl»,[2] og var skriven av Lennon og McCartney som ei hyllest til dei mange kvinnelege tilhengjarane til bandet. McCartney sa «Me visste at om me skreiv ein song kalla 'Thank You Girl', så ville mange av jentene som skreiv brev til oss ta det som eit genuint 'takk'. Så mange av songane våre var retta direkte mot fansen.»[3]

Lennon sa at songen opphavleg var meint som ein singel «'Thank You Girl' var eit av forsøka våre på å skrive ein singel som ikkje fungerte. Så han vart ei B-side eller eit albumspor.»[4]

Innspeling endre

Songen vart innspelt på 13 forsøk, det same talet på forsøk dei trengde for å gjere ferdig «From Me To You» den 5. mars 1963. Innspelinga er òg kjend for at det var første gongen to Lennon–McCartney-songar vart spelte inn, men først gjevne ut mykje seinare: «One After 909» (seinare spelt inn på ny for Let It Be) og «What Goes On» (seinare spelt inn på ny for Rubber Soul, tilskriven som Lennon–McCartney/Starkey sidan Ringo bidrog med litt tekst). Sjølv om begge songane vart innøvd, vart berre «One After 909» spelt inn.

John Lennon overdubba munnspelelet utan dei andre Beatles-medlemmane åtte dagar seinare. Fleire kjelder skriv at Lennon var kraftig forkjølt og trong fleire forsøk på å få eit bra nok resultat.

Stereomiksen av songen (som finst på The Beatles' Second Album) er høyrbart forskjellig frå den originale monomiksen i mellomspelet. Ein kan mellom anna høyre eit par ekstra munnspellinjer.

Medverkande endre

Personell per Ian MacDonald[5]

Andre versjonar endre

Songen vart spelt inn av The Smithereens i 2008 på albumet deira B-Sides The Beatles.[6]

Kjelder endre

  1. Wallgren 1982, s. 17.
  2. Lewisohn 1988, s. 28.
  3. The Beatles Interview Database 2007.
  4. Sheff 2000, s. 169.
  5. MacDonald 2005, s. 80.
  6. Deming, Mark. Thank You GirlAllmusic. Henta 27. desember 2016.