Do You Want to Know a Secret
Do You Want to Know a Secret? av The Beatles frå albumet Please Please Me | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1963 | |
Innspelt | 11. februar 1963, EMI Studios, London | |
Sjanger | pop | |
Lengd | 1:56 | |
Selskap | Parlophone (album), Vee-Jay (singel) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles sine amerikanske singlar-kronologi | ||
«Can't Buy Me Love» (1964) |
Do You Want to Know a Secret? | «Love Me Do» (1964)
|
«Do You Want to Know a Secret?» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles frå albumet Please Please Me i 1963, sungen av George Harrison. I USA var songen den første songen med Harrison på vokal som gjekk inn på Topp 10 på singellista, då han nådde andreplassen på Billboard-ista i 1964.
Komposisjon
endre«Do You Want to Know a Secret?» vart skriven hausten 1962, hovudsakleg av John Lennon, men tilskriven Lennon–McCartney.[1] Versjonen frå 1963 av Billy J. Kramer and the Dakotas (som nådde andreplassen i Storbritannia) er tilskriven «McCartney-Lennon». Songen var inspirert av «I'm Wishing»,[2] ein melodi frå Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs frå 1937, som mor til Lennon, Julia, song til han som barn. Dei første to linjene i songen i Disney-filmen («Want to know a secret? Promise not to tell?») kom rett etter opningsteksten («You'll never know how much I really love you... You'll never know how much I really care...»).[3][4] McCartney har sagt at «dei skriv songen likt om likt» for Harrison til å syngje,[5] medan Lennon i 1980 sa at han skreiv songen aleine og fann ut då songen var ferdig at han høvde best for Harrison.[6]
Innspeling
endreI 1980 sa Lennon at han gav «Do You Want to Know a Secret?» til Harrison fordi songen «berre hadde tre notar og han er ikkje den beste songaren i verda», men la til «han har kome seg mykje sidan den gongen».[4] Songen vart spelt inn i løpet av ei ti timar lang innspeling den 11. februar 1963 i lag med ni andre songar for Please Please Me.[7] Harrison song to songar på Please Please Me — denne av Lennon–McCartney og «Chains» av Goffin/King. «Don't Bother Me» var den første songen Harrison skreiv for Beatles, og kom ut på det neste albumet, With The Beatles.[8]
Singelutgåva
endre«Do You Want to Know a Secret?» kom ut på singel eit år seinare på Vee-Jay i USA, den 23. mars 1964, og nådde andreplassen bak ein annan Beatles-song, «Can't Buy Me Love» på Billboard-lista, og tredjeplassen på Cash Box-lista. I USA var dette den mest suksessrike Beatles-songen som Harrison song på, fram til «Something» nådde toppen av singellista i 1969.
Medverkande
endre- George Harrison – solovokal, akustisk gitar (høgre kanal)
- John Lennon – akustisk gitar (venstre kanal), korvokal
- Paul McCartney – bass, korvokal
- Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman Smith
Salslister og salstrofé
endreSalslister
endreListe (1964) | Plassering |
---|---|
Tyske Media Control-lista[11] | 34 |
US Billboard Hot 100[12] | 2 |
US Cash Box Top 100[13] | 3 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[14] | Gull | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Billy J. Kramer-versjonen
endreDo You Want to Know a Secret? Singel av Billy J. Kramer with the Dakotas frå albumet Little Children | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. april 1963 | |
Innspelt | 1963 | |
Sjanger | pop, beat | |
Lengd | 2:01 | |
Selskap | Parlophone (UK) Imperial (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Billy J. Kramer with the Dakotas-kronologi | ||
Do You Want to Know a Secret? | «Bad to Me» (1963)
|
The Beatles-versjonen kom aldri ut på singel i Storbritannia, der ein versjon av Billy J. Kramer with the Dakotas (i lag med «I'll Be on My Way», Parlophone R5023, 26. april 1963)[15] nådde andreplassen på Record Retailer-lista og førsteplassen på NME-lista (nytta av Radio Luxembourg) og BBC si Pick of the Pops-liste. Songen kom òg ut på albumet Little Children. Han nådde åttandeplassen på den irske singellista.
Salslister
endreListe (1963) | Plassering |
---|---|
Storbritannia (Record Retailer) | 2[16] |
Storbritannia (NME) | 1[17] |
Andre versjonar
endreAlvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1964 for albumet The Chipmunks Sing the Beatles Hits.[18]
Songen nådde toppen av Billboard-lista igjen i 1981 og andreplassen i Storbritannia med ein versjon av Stars on 45, som spelte songen som ein del av ein medley.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Do You Want to Know a Secret» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Calkin, Graham (2009). «Do You Want to Know a Secret?». Graham Calkin's Beatles Pages. Henta 30 November 2009.
- Rees, Dafydd; Lazell, Barry; Osborne, Roger (1995). 40 Years of «NME» Charts (2nd utg.). Pan Macmillan. ISBN 0-7522-0829-2.
- «Snow White and the Seven Dwarfs (1937)». Distant Melody. 2007. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 3 January 2007.
- Harry, Bill. The Ultimate Beatles Encyclopedia.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt and Company. ISBN 0-8050-5249-6.
- Sheff, David (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-25464-4.
- ↑ Lewisohn, Mark. The Beatles: All These Years, Volume One – Tune In. Crown Archetype, 2013, ISBN 978-1-4000-8305-3, pp. 733-734
- ↑ Distant Melody 2007.
- ↑ Harry, s. 209.
- ↑ 4,0 4,1 Sheff 2000, s. 165.
- ↑ Miles 1997, s. 95.
- ↑ Lewisohn, Mark. The Beatles: All These Years, Volume One – Tune In. Crown Archetype, 2013, ISBN 978-1-4000-8305-3, p. 873
- ↑ Lewisohn 1988, s. 24.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 53.
- ↑ Everett 2001, s. 151.
- ↑ Winn 2009, s. 32.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter «Beatles» in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – Do You Want To Know a Secret». Recording Industry Association of America. Henta 10. mars 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
- ↑ Calkin 2009.
- ↑ «Artist Chart History Details: Billy J. Kramer & the Dakotas». The Official Charts Company. Henta 8 August 2010.
- ↑ Rees, Lazell & Osborne 1995, s. 127.
- ↑ Lindsay Planer. «The Chipmunks Sing the Beatles Hits - The Chipmunks | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 27. september 2016.