That’s All Right (Mama)
That’s All Right (Mama) Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. september 1954 | |
Innspelt | Juli 1954 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 1:57 | |
Selskap | Sun Records | |
Komponist | Arthur Crudup | |
Tekstforfattar | Arthur Crudup | |
Låtskrivar(ar) | Arthur Crudup | |
Produsent | Sam Phillips | |
Elvis Presley-kronologi | ||
That’s All Right (Mama) | «Good Rockin' Tonight» (1955)
|
«That's All Right (Mama)» er den første songen som vart gjeven ut på singel av Elvis Presley. Songen vart skriven og opphavleg spelt av bluessongaren Arthur Crudup. Elvis sin versjon vart spelt inn i juli 1954 og gjeven ut 4. september 1954.
Songen vart opphavlege skriven og spelt inn av Crudup i 1946. B-sida til Elvis sin singel var «Blue Moon of Kentucky». Katalognummeret til singelen var Sun 209. På etiketten står det «That's All Right» (utan (Mama) som i originaltittelen), og at songen vart spelt av Elvis Presley, Scotty & Bill, som er Scotty Moore på sologitar og Bill Black på kontrabass. Han vart produsert av Sam Phillips i Sun Studio. Innspelinga hadde ingen trommer eller andre instrument, og var ei live-innspeling.
Songen har av musikkmagasinet Rolling Stone vorte kalla den første rock and roll-songen, noko som derimot er omstridd. Same magasinet plasserte òg songen på 112. plass på lista over dei 500 største songane gjennom tidene.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «That's All Right (Mama)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2008.
114: «Up on the Roof» The Drifters |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 113 «That's All Right» Elvis Presley |
112: «I'm So Lonesome I Could Cry» Hank Williams |